"Skap og engasjer,
klargjer for framtida"
LearnLab tilbyr
Digitalt læringsinnhald
Digitale læringsverktøy
Kurs og opplæring
Organisasjons-lisens
Deep Learning Society
Siste bloggar
Å planlegge for dybdelæring og elevmedvirkning – et eksempel fra praksisfeltet
Korleis kan LearnLab brukast i fjernundervisning?
Digitale ressursar for fjernundervsining
LearnLab for nybegynnarar
Pedagogiske steg
Tips til heimeundervisning
Nye digitale ressursar: Solidaritet og samhald i krisetider
Nye labs om grunnlovsdagen 17.mai
Nye labs om frigjeringsdagen
Få støtte til å kjøpe LearnLabs digitale læremiddel
Korleis bruke LearnLab
Få ein introduksjon til LearnLab og sjå svar på ofte stilte spørsmål.
Sjå introduksjonsvideoar og brukarrettleiing her.
Kven er vi?
LearnLab blei grunnlagt i 2017 og er basert i Noreg med kontr i Oslo. Grunnleggjarane har meir enn 25 års erfaring med utdanningsutvikling og teknologi.
Kva er djuptgåande læring?
Djuptgåande læring er kunnskap som skal førebu dagens elevar på endringar i samfunnet, livet og jobben. LearnLab er utvikla spesifikt for djuparegåande læring ved hjelp av anerkjend pedagogisk forsking og teori. Fokuset er på ei gradvis tileigning av kunnskap, forståing og bruk av spesifikke konsept
CREATE AND ENGAGE – ENABLE THE FUTURE
Unge i dag veks opp i ein kompleks og raskt skiftande verden, med utfordringar knytta til miljø og berekraft, psykisk helse og aukande grad av sosiale ulikskapar. For å møte desse utfordingane treng vi kretivitet, engasjement, kritisk tenking, refleksjon, samarbeid og eit globalt tankesett for framtidas borgarar. LearnLab er basert på progressiv pedagogisk tenking og forsking, og er laga spesielt for å møte behovet for framtidas kompetanse. Ved å tilretteleggje for djuptgåande læring og oppdaginga av nye omgrep kan ein ruste dei som skal lære til å forandre verden til det bedre.
EIT DIGITALT LÆRINGSLABORATORIUM
LearnLab tilbyr ei eineståande samling av interaktive, underhaldande læringsverktøy som engasjerer og legg til rette for samarbeid, samstundes som undervisarane får ei unik innsikt i nye typar evalueringar. Deltakarane visualiserer, samarbeider, kommuniserer, utforskar og fordjupar seg i tema og konsept med frisk giv under kvar LearnLab-økt.
ELEVANE SKAL VERE PRODUSENTAR, IKKJE FORBRUKARAR
Etter kvart som fokus for utdanninga endrar seg frå rein informasjonsformidling til tilrettelegging for læring, treng ein andre verktøy og metodar. Det er difor vi har utvikla LearnLab. Deltakarane produserer eige innhald og er aktive i eiga læring. Kvar LearnLab-økt let seg skreddarsy til bestemte konsept og mål ved hjelp av interaktive oppgåver. Elevane kan delta munnleg og via mobil, nettbrett og datamaskin.
KOLLEKTIV LÆRING
Saman lærer ein meir! Det er difor samarbeid er eitt av fokuspunkta for LearnLab™. Ein stor del av funksjonane hos LearnLab™ er tilrettelagde for læring gjennom samarbeid, problemløysing og alternativ tenking. Grupper kan jobbe og skape ting saman for å styrke dei sosiale banda og evna til samarbeid.