Få støtte til å kjøpe LearnLabs digitale læremiddel

Share This Post

LearnLab er på lista over digitale læremiddel som gjev innkjøpsstøtte gjennom “Den teknologiske skulesekken”. Søk på Utdanningsdirektoratets heimesider og få opptil 94 kr per elev.

Den teknologiske skulesekken jobbar blant anna for å auke forståinga for teknologi og at skuleelevar skal ha tilgang til gode digitale læremiddel. Realiseringa av Den teknologiske skulesekken blir gjort gjennom tilskotsordningar, og det er Utdanningsdirektoratet som forvaltar millionane som regjeringa har løyvt. Ordninga går over fire skuleår og starta skuleåret 2019/2020.

Tilskot per elev i 2020 er foreløpig på kr 94,-, og det er kommunar og fylkeskommunar som kan søkje om støtte.

Læremiddel for kollektiv adaptiv læring

Vi i LearnLab ynskjer å bidra i realiseringa av Fagfornyinga ved å lage framtidas læremiddel. Vi har som visjon å utvikle eit verdsleiiande verktøy for progressiv pedagogikk i ei digital verd. Vårt mål er å skifte fokus frå summativ til formativ vurdering ved å ta i bruk dei mogelegheitane som ny teknologi gjev, kombinert med innovative oppgåver og innhald i dei ulike faga. Vi trur at eit større fokus på kollektiv læring i skulen vil bidra til at fleire elevar vil vere førebudd på framtidas arbeids- og samfunnsliv. Digitale læremiddel må difor tilby noko meir enn predefinerte løyper som elevane arbeidar med individuelt for å skåre bedre på standariserte testar.

LearnLab utviklar difor læremiddel for kollektiv adaptiv læring, der gruppas produksjon påverkar kunnskaputviklinga og den vidare bruken av læremiddelet. Alle modular og alt innhald tagges med lærmålplan/omgrep synkronisert med Utdanningsdirektoratets nye læreplansvisning. Dette dannar utgangspunkt for ei svært innovativ formativ læringsnalyse.

Klikk her for meir informasjon om søknadskrav til Den teknologiske skulesekken, kriteriar for tilskot og søknadsskjema for kommunar og fylkeskommunar.

Bestill LearnLab ved å trykkje her

More To Explore