Learnlab Support
Vi hjelper deg gjerne. Kva treng du hjelp med?

Har du spørsmål om våre verktøy?
Her finn du svar på dei vanlegaste spørsmåla om LearnLab:
Har du generelle spørsmål om bruk av Learnlab?
Her finn du svar på dei vanlegaste spørsmåla om Learnlab:
Kva kan du gjere med gratisversjonen av LearnLab?
Det er kostnadsfritt å opprette brukar hos LearnLab og nytte CoLab til å lage, redigere og gjennomføre læringsøktar med deltakarar. Det ligg fleire gratis ressursar i biblioteket som du kan kopiere til dine labs, redigere og bruke saman med deltakarar. Din gratisbrukar og øktane du lagar i CoLab vil aldri bli ein del av ein betalingsløysning.
Kva får du med LearnLab-lisens?
Med LearnLab-lisens får du:
- – Tilgang til Learnlabs digitale økosystem (CoLab, StoryLab, IdeaLab og MyLab)
- Redigerbare læringsressursar for LK20
- Webinar med brukaropplæring for lærare
- Feide-pålogging for lærar og elevar
- Visuell omgrepsbank med millionar av ressursar
- Heilskapleg digitalt system for læring med ivaretaking av personvern
Vi har læringsressursar for grunnskule og videregåande skule. Les meir om våre digitale innhaldspakkar her.
Korleis brukar ein biblioteket?
I biblioteket finn du ferdige læringsressursar i form av Colabs, Storylabs og Idealabs. Du finn også serier, i form av Labs, oppgåver og lærarrettleiingar knytta til eit overordna tema.
I biblioteket kan du sjå førehandsvisning av enkeltressursar og seriar ved å trykkje på miniatyrvisninga. Du kan velje å lage ei eiga kopi som du kan redigere og bruke som du vil ved å trykkje kopier til mine labs.
I biblioteket finn du alle dei ferdige læringsressursane du har tilgang til. Er du gratisbrukar har du kun tilgang til dømeressursane. Er du lisensbrukar, har du tilgang til det di skule/organisasjon har kjøpt og det dine kollegaer har delt.
Du kan søkje etter ressursar ved å bruke søkjefeltet. Du kan søkje på tittel eller tema. Du kan også søkje på læreplanmål ved å bruke innstillingane under søkjefeltet.
Første gang du går inn i biblioteket blir du bedt om å velje kva for bibliotek du vil sjå. Desse vala kan du endre på seinare ved å trykkje på tannhjulet til høgre for søkjefeltet.
Eg har fått ny Feide-brukar og finn ikkje igjen Labane mine. Kva gjer eg?
Om du har fått ny Feide-ID og ikkje finn dine gamle Labs kan du sende ein mail til support@learnlab.net. Oppgi din gamle og nye Feide-ID,så flyttar vi innhaldet frå den gamle til den nye brukaren din.
Korleis endrar eg epost på brukaren min? (Ikkje Feide-pålogging)
Om du har ein brukar som er oppretta med epost-adresse, Facebook eller Google kan du endre epost på brukaren sjølv. Når du er pålogga brukaren din, trykkjer du på ikonet ved sidan av namnet ditt øvst i høgre hjørne. Vel profil. Under profilbilete kan du velje å endre epostadresse. Dette fungerer ikkje om du loggar deg på med Feide.
Eg får ikkje eposten med verifiseringslenke etter registrering. Kva gjer eg?
Sjekk søppelpost dersom eposten frå LearnLab ikkje dukkar opp i din vanlege innboks.
Dersom du ikkje finn den der, ta kontakt med support@learnlab.net så hjelper vi deg.
Lurar du på kva LearnLab er?
Sjå ein kort introduksjonsvideo her:
:
Finn du ikkje svar på det du leitar etter?
Kontakt oss via epost eller skriv til oss på vår Facebook-side.