Nye labs om frigjeringsdagen

Share This Post

På fredag er det 8.mai. LearnLab presanterar labs som du kan bruke saman med elevane dine for å reflektere over frigjeringa av Noreg for 75 år sidan.

Laben for 3-4. tinn elevane med på ei enkel reise frå den tyske okkupasjonen fram til frigjeringa av Noreg. Undervegs møter dei refleksjonsspørsmål, bilete og videoar for å gjere forteljiga levande. Sjølv om laben inneheld historisk informasjon, er det refleksjonane rundt demokratiet i Noreg som er det sentrale. Laben heiter «Kvifor flaggast det 8.mai?» og finst på nettverket «LearnLab samfunnsfag og naturfag 1-4».

For 5.-10. trinn

Laben for 5-7. trinn og 8.- 10. trinn tek elevane med på ei enkel reise frå D- dagen fram til frigjeringa av Noreg. Undervegs møter dei refleksjonsspørsmål, lyd og videoar som omhandlar både kjensler og andre menneskes perspektiv. Sjølv om laben inneheldt historisk informasjon, er det refleksjonane rundt demokratiet i Noreg som er det sentrale. Labane heiter «Frigjeringsdagen 8.mai» og finst på nettverka «LearnLab samfunnsfag og naturfag 5-7», samt «LearnLab samfunnsfag og naturfag 8-10». Du finn også laben for 5.-7. trinn her og laben for 8.-10. trinn her. 

More To Explore