Korleis kan LearnLab brukast i fjernundervisning?

Share This Post

At skulene no er stengt betyr i praksis at klasseromsundervisninga går over til å bli fjernundervisning. For mange elevar og lærarar betyr dette at undervisninga flyttast til digitale læringsplattformar. Med LearnLab er det likevel fortsatt mogeleg å la elevane samarbeide og delta i felles refleksjonar. Dei kan også samarbeide med andre i familien om det passar.

I LearnLab kan elevane sjå kvarandres produksjon, forslag og innspel. På denne måten kan elevane delta i kollektiv omgrepsutvikling der elevane ser kva dei andre tenkjer. Med andre ord unngår vi at det kun er ein og ein elev som tek ordet. LearnLab stimulerar til ein elevmedverknad som er i samsvar til intensjonane i Fagfornyinga. Ved å leggje ei lenke til LearnLab, i til dømes Teams, så kan lærar og elevar fortsatt drive klasseromsdiskusjonar i samtid.

Finn ein felles stad der du kan oppgje dagens kode og avtal eit tidspunk for oppstart, så er dykk i gong. Knytt gjerne spørsmål og oppgåver til den krisen vi no er inne i. På den måten blir undervisninga både realistisk og nær elevanes røyndom.

Her er nokre dømer på korleis du kan bruke LearnLab:

  1. Ordsky. I gratisversjonen kan dette steget nyttast som «opprop» før økta startar. Avtal klokkeslett for oppstart og be elevane om å skrive inn namnet sitt.
  2. Spørsmål og svar kan nyttast til elevmedverknad. Lærarane kan skrive inn forslag før elevane stemmar over alternativa.
  3. Open oppgåve gjev elevane mogelegheiteb for å utdjupe eigne tankar, samstundes som dei er tilgjengelege for respons frå resten av gruppa. Steget eignar seg også godt til oppsummeringar av tema eller læring frå dagsaktuelt stoff.
  4. Video. Det går veldig raskt å leggje inn ein video i LearnLab. Det einaste du treng er å finne ein god video på Youtube eller Vimeo før du limer inn URL-koden i steget. La gjerne videosteget etterfølgjast av eit nytt steg der elevane kan kome med eigne refleksjonar. Det ligg mange aktuelle videoar ute.
  5. Biletsky passar veldig godt til praktiske oppgåver. Elevane kan nytte eigen mobil eller nettbrett til å ta bilete og enkelt laste opp resultatet i dette steget. På den måten får alle elevane sjå dei same produkta. Gje gjerne kreative oppgåver som må gjennomførast ute.
  6. Rubrikk egnar seg best for dei litt meir drevne LearnLab-brukarane. Her kan dykk samanfatte argument for og imot. Tenk gjerne i retning av hypotesar.
  7. Spørjeundersøking kan nyttast av lærarar og elevar til å gjere enkle spørjeundersøkingar frå situasjonen vi no står saman i. Telefonintervju?
  8. Quiz er ei enkel måte å variere undervisninga på. Naturfaglege spørsmål er godt eigna her.
  9. Ranking kan nyttast til å hente inn statistikk og til dømes rangere land etter kva har høgast bruttonasjonalprodukt pr. innbyggjar.
  10. Match minner på mange måtar om Kims leik. Finn opplysningar som høyrar saman og la elevane trykkje på dei riktige «korta».
  11. Du kan også nytte ferdigprodusert innhald som er knytta til kompetansemåla i Fagfornyinga. Dette innhaldet kan du redigere sjølv og tilpasse det til di gruppe. Du kan sjølvsagt lage ditt eiga innhald også.
  12. Dersom du vil at elevane skal kunne starte på eiga hand, kan du låse opp stega som du ynskjer at elevane skal arbeide med. Det gjer du ved å klikke på ikonet av hengelåsen i redigeringsmodus slik at hengelåsen er open. 

LearnLab har i to år arbeida saman med over 100 skuler for å utvikle og teste ut gode spørsmål for digital djuptgåande læring. Dette kan du no få tilgang til ved å opprette gratis brukar på LearnLab.

Merk! I LearnLab lagrast svara. Om du nyttar LearnLab til å oppsummere dagen, så sitt du igjen med alle svara og kan nytte dei i den vidare planlegginga for dei neste dagane.

Hugs at mange elevar er utrygge på kva som kjem til å skje, så ver varsom med kva oppgåver som gjevs. For mange elevar kan det vere godt å tenkje på noko heilt anna enn kva Covid-19 kjem til å forårsake.

Nyttige lenker for å bli kjend med LearnLab

LearnLab har laga ein opplæringslab, den finn du her.  

Her finn du instruksjonsvideoar med hjelp til å kome i gang og bruk av dei ulike stega. 

Det finst også gratis dømer på dei kvalitetssikra læringsøktane LearnLab tilbyr, det finn du under “søk”.  

Her er link til digital ressurs for 1.-2. trinn om geografi og himmelretningane.

Her er link til digital ressurs for 3.-4. trinn om val og konsekvensar.

Her er link til digital ressurs for 5.-7. trinn om flyktningar og det å flykte. 

Her er link til digital ressurs for 8.-10. trinn om samfunn og retorikk

Pål Berglund, lærar 7.trinn. Mars 2020.

More To Explore