Digitale ressursar for fjernundervsining

Share This Post

Med LearnLabs digitale læringsverktøy kan lærarar leggje til rette for god heimeundervisning, og samstundes arbeide vidare med sentrale omgrep i Fagfornyinga. LearnLab vil leggje ut nye digitale læringøkter kvar uke framover. Gå til søk-sida for å finne ressursar som kan passe for din undervisning.

Med LearnLabs digitale læringsverktøy kan lærarar leggje til rette for god heimeundervisning, og samstundes arbeide vidare med sentrale omgrep i Fagfornyinga. LearnLab vil leggje ut nye digitale læringøkter kvar uke framover. Gå til søk-sida for å finne ressursar som kan passe for din undervisning.

Omgrepslæring og elevmedverknad

LearnLab tilbyr skuler og kommunar med lisens over 200 kvalitetssikra digitale ressursar utvikla av dyktige lærarar som har erfaring med å bruke LearnLab saman med elevane. Desse digitale ressursane er interaktive læringøkter med fokus på at elevane skal kunne samanrbeide og sjølv oppdage sentrale omgrep. Dei interaktive funksjonane og oppbyggninga av læringsøktane er utvikla for å inkludere elevane i eiga læring. Desse læringsøktane kan også gjennomførast som fjernundervisning. Elevane kan sjå kvarandres produksjon, forslag og innspel. På denne måten kan elevane delta i kollektiv omgrepsutvikling der elevane ser kva dei andre tenkjer.

Nye gratis ressursar kvar veke

Kvar veke framover vil vi også gjere nye økter tilgjengeleg for alle, også gratisbrukarar. Slik kan lærarar enkelt få tilgang til LearnLab sine læringsøkter. Dei kan bruke kvalitetssikra læringsøkter, tilpasse dei til eiga undervisning eller dei kan lage eigne mulitimodale læringsøkter. LearnLab kan difor vere ei god hjelp for lærarar til å skape spennande læringsøkter i ei svært krevjande situasjon!

Lærarrettleiing og redigerbare læringsøkter


Alle dei digitale ressursane publisert av LearnLab kjem med lærarrettleiing. I kvar ressurs finn du ei rettleiing frå læraren som har laga ressursen. Alt er også tagga med omgrepa og kompetansemålet det jobbast med i økta. På stega i økta finn du også rettleiing i form av tips til gjennomføring, oppfølgjingsspørsmål og erfaringar. Alle LearnLabs ressursar er også redigerbare, slik at du kan tilpasse opplegget til di undervisning og dine elevar. Når du har kopier ein ressurs til din profil, er det fritt fram og endre og tilpasse så mykje du vil.

Nye digitale ressursar for ulike trinn – GRATIS!

Under finn du dømer på nokre av gratisressursane som ligg ute på LearnLab. Trykk på tittelen for å kome direkte til opplegget. Du finn desse og fleire på LearnLab.net under “Søk”. 

Teknologiutvikling (VGO): Laben handaer om vår tids teknologiske utvikling.  Den teknologiske utviklinga går raskt. Den endrar måten vi arbeidar på, måten vi kommuniserar på, måten vi samarbeidar på og måten vi er menneske på. Kva for teknologiske framskritt er bra for oss, og kva slags er uheldig? Historia visar at teknologisk utvikling er sterkt avhengig av sosial medverknad. 

Kva er rus? (8-10): Denne laben er meint å gje elevane eit grunnlag for å forstå kvifor vi menneske i generasjonar har nytta ulike rusmiddel og kvifor nokre individ fortset å ruse seg, sjølv om dei kjennar til mange av dei uheldige biverknadane rusmiddel kan gje. Den er også meint å gjere det enklare for elevane å sjå fleire av dei samanhengane som finst mellom bruk av ulike rusmiddel og individuelle menneskelege behov. For å forstå dette må elevane vite at rus er ein naturleg biologisk prosess som påverkar åtferda vår gjennom kjemiske prosessar i hjernen.

Nettvit? (8-10): Denne laben går vi i djupna på nettvit. Fyrst får læraren ei oversikt over elevanes forkunnskapar om nettvit gjennom eit opent spørsmål. Deretter relaterast dette til elevanes bruk av ulike sosiale media. Elevane skal reflektere over kvifor ein skal tenkje gjennom kva ein legg ut på nettet, kvifor det er aldersgrense på sosiale medier og positive og negative sidar ved sosiale medier.

Kroppen (5-7) : Denne laben inneheldt grunnleggjande informasjon om kroppens system og er meint å gje elevane eit godt grunnlag for å kunne oppdage og få ei aukt forståing for samanhengen mellom kroppens system.

Papir (5-7): Dette undervisningsopplegget omhandlar papir som materiale og gjev eit grunnlag for ei djupare forståing av ressursar, forbruk og berekraftig utvikling. Gjennom utforsking, og samtale arbeidar elevane seg saman fram til kva papir eigentleg er og kva vi kan og bør bruke det til.

Vener (3-4): Denne LearnLaben er meint å gje elevane aukt innsikt i kjenneteikn på venskap og gjere dei bevisste på den aktive prosessen det er å skaffe seg vener. Den er også meint som eit inkluderingsverktøy og inneheldt difor både tips og viktige spørsmål til refleksjon. Spørsmålet: Korleis trur du det følast å vere åleine? er eit døme. Gjennom video, opne oppgåver, ordsky og enkel analyse gjev laben mange mogelegheiter og læraranens oppfølgjingsspørsmål blir difor viktige. Stega i laben følgjer fleire djuptgåande læringsprinsipp og er satt med dilemma og spørsmål som auker gradvis i vanskegrad.

Kombiner med Teams eller andre verktøy

LearnLab er eit nettbasert læringsverktøy som også fungerar utmerka saman med Teams, Skype eller Zoom. Læraren kallar opp elevane på ein av desse flatane og startar ei læringsøkt (lab). Då kan læraren vere i dialog med elevane, samstundes som elevane aktivt følgjer stega i læringsøkta (laben). Elevane kan også arbeide individuelt med ulike oppgåver når det er mest hensiktsmessig.

Lage økter sjølv? LearnLab kan tilpassast alle fag

Dei unike mogelegheitane for kollektiv deltaking i interaktiv fjernundervisning gjer at fleire og fleire lærarar brukar LearnLab sitt interaktive læringsverktøy i heimeundervisning:

  • Kan brukast i alle fag
  • Tilgang til gratis læringsøkter
  • Enkelt å tilpasse til eiga undervisning
  • Lærarane kan lage eigne interaktive læringsøkter


More To Explore