LearnLab for nybegynnarar

Share This Post

Nye læringsverktøy er alltid utfordrande å lære seg, så difor ynskjer vi her å gje ein kort innføring i korleis ein brukar LearnLab!

Det er for augeblikket eit stort behov for digitale læringsverktøy, som følje av den pågåande smittesituasjonen rundt koronaviruset. Vi i LearnLab ser at det er mange der ute som er i vanskelege situasjonar når det kjem til å gjennomføre undervisninga, og vi ynskjer difor å vise korleis LearnLab kan fungere som eit nyttig verktøy for å få gjennomført heimeundervisninga på best mogeleg måte. LearnLab kan for mange i starten minne litt om PowerPoint, kor kvar «lab» er ein presentasjon av eit tema. Den store forskjellen er at LearnLab er interaktivt, slik at elevar kan kome med innspel undervegs, samt byggje vidare på dei andre elevanes forslag. Elevane kan følgje med på presentasjonen på si eiga skjerm, der dei også fortløpande ser dei andre elevanes forslag,

Nedafor følgjer ei rettleiing av korleis ein kjem i gong med LearnLab:

  • Når du no har registrert deg som ny brukar av LearnLab, vil du kome til ei side som kallast «My Labs». Der vil alle labane eller kopierar hamne, og det vil sjå ut slik som det gjer på biletet nedafor. Menyen øverst i nettsida gjev deg mange forskjellege valmogelegheiter, så før vi går vidare inn på korleis vi lagar vår eiga lab, skal vi forklare dei ulike menyvala. Kvar funksjon er her markert med eit tal. For å sjå kva dei ulike funksjonane gjer, sjå i menyen nedafor.

Oversikt over toppmeny:


  1. Søk: Ved å trykkje på «Søk» kjem du til databasen over alle publiserte labar. Her ligg det både labar som er laga av LearnLab (desse er merka med Publisert av LearnLab), og labar som er laga av andre lærarar. Her kan du få inspirasjon til kva tema du har i øktane dine, eller søkje deg fram til bestemte labar dersom du allereie har bestemt deg for eit tema. Labar som du ynskjer å bruke kan du kopiere. Desse vil då hamne under «Mine Labs»
  2. Produkt: Her ligg informasjon om LearnLab sine ferdigutvikla digitale læremiddelpakkar du kan få tilgang til ved kjøp av lisens. Desse er tilpassa ulike trinn i skulen, og kan dimed enkelt tas i bruk av lærarar.
  3. Lag ein ny Lab: Dersom du ynskjer å kome i gong med å lage di eiga lab frå start av, trykkjer du her. Vi anbefalar imidlertid å prøve ut LearnLab sin opplæringslab fyrst.
  4. Mine Labs: Dette førar deg til startsida som du no oppheldt deg i når du har logga på. Her vil alle labane du har laga sjølv ligge, i tillegg til dei labane du har kopiert frå databasen.
  5. Min deltaking: Her kan du sjå alle labane du sjølv har deltatt i. Her vil du kun få opp dei labane der du har vore deltakar i, ikkje dei labane som du sjølv har presentert.
  6. Min profil: Her kan du gjere endringar på din brukarprofil på LearnLab. Her kan du blant anna endre passord, endre epost, leggje inn bilete av deg sjølv og skrive ei forklaring på kven du er.

No som du veit kor du finn dei ulike funksjonane i LearnLab, kan du sette i gong med å lære korleis du lagar din eiga lab, eller korleis du kan endre på labar du har kopiert frå databasen. Vi anbefalar å gjennomføre vår opplæringslab fyrst, slik at du får kjennskap til dei mange mogelegheitane som finst, og korleis du kan utnytte desse best mogeleg, for å tilretteleggje for djuptgåande læring blant elevane!

Opplæringslabben finn du ved å klikke her: Opplæringslab 

More To Explore