Pedagogiske steg

Share This Post

Her er ei oversikt over dei ulike stega ein kan velje å bruke for å stille interaktive spørsmål i LearnLab, og ein liten forklaring både på korleis ein kan bruke steget på ein pedagogisk måte, og korleis stega kan fremme djuptgåande læring hos elevane.

I LearnLab har vi mange forskjellige funksjonar som du kan nytte deg av i arbeidet med å lage di eiga lab. Det er imidlertid ikkje alltid like lett å forstå korleis ein best mogeleg kan nytte seg av dei ulike funksjonane, og korleis desse best mogeleg kan fremme djuptgåande læring. Difor har vi her laga ein oversikt over dei ulike stega ein kan velje, og gjeve ein liten forklaring både på korleis ein kan bruke steget på ein pedagogisk måte, og korleis stega kan fremme djuptgåande læring hos elevane.

Oversikt over dei 11 ulike stega slik det ser ut når du redigerar ein lab:

Innhaldsteget


Dette steget passar godt til å introdusere tema, og gje elevane ein oversikt oversikt over det som skal gjennomgås. Innhaldsteget har mange av dei same funksjonane som ein slide i Powerpoint. Her kan ein også skrive inn tekstar og lime bilete og lenker for å gje innføring i eit tema. Å meistre fagomgrep og ferdigheiter er viktig for å fremme djuptgåande læring og dette steget kan brukast til å introdusere viktige omgrep innanfor emnet dykk skal arbeide med. Samarbeid er også viktig her, og steget kan fint brukast til å utforme samarbeidsoppgåver deltakarane skal utføre. Problemløysingoppgåver der deltakarane må reflektere og diskutere for å komme fram til løysningar vil også vere godt eigna til dette steget.

Video


Videoar kan vere eit godt verktøy for å variere undervisninga, trigge forkunnskapar og gje kjennskap til nye tema. Dette er eit sterkt visuelt verkemiddel, og kan brukast for å vise ulike perspektiv i ei sak. Det kan få deltakarane til å både tenkje kritisk rundt videoens innhald, og reflektere rundt si eiga forståing av temaet. Videoar kan gje elevane innsyn i nye tenkjemåtar frå andre land og kulturar som dei sjølv ikkje har erfaring med. Slik kan dykkar evne til å sjå større samanhengar aukast, og dermed kan videoar bidra til global læring. Djuptgåande læring inneber at vi reflekterar over eiga læring, og brukar det vi har lært i kjende og ukjende situasjonar. Gjennom bruken av video kan deltakarane få mogelegheita til å reflektere rundt si eiga forståing på ei ny måte, og ta stilling til perspektiv som dei kanskje ikkje hadde tidlegare erfaring med. Dette krev kritinsk tenking og refleksjon både rundt eiga forståing, og rundt videoens innhald.

Ordsky


Å meistre fagomgrep er viktig for å skape djuptgåande læring. Ordskya kan vere eit nyttig verktøy i arbeidet med å kartleggje deltakaranes forståing av ulike omgrep, og ved å sjå alle dei ulike innspela som kjem frå andre deltakarar, kan ein ved hjelp av ordskya også utvikle ei ny forståing av omgrep. Dette samarbeidet vil dermed gjere at ein kan sjå nye samanhengar. Ordskya kan også bidra til å la deltakarane sjå samanhengar mellom ulike fagområde, ettersom omgrep kan dukke opp i ulike fag og med ulik betydning. Deltakarane kan møte på ord dei ikkje kjennar til og ved å få forklaring på desse kan arbeid med ordskya styrke deltakaranes språklege vokabular. Når alle har skrive inn ord i ordskya vil dei orda som er skrive inn flest gonger bli store og motsatt med dei som er skrive inn få gonger. Då er det viktig at den som presenterar får deltakarane til å diskutere kvifor det blei slik og om dei er einig i rangeringa av dei store og små orda. Då får deltakarane øvd på kritisk tenking og resonnering.

Biletsky

Biletsky kan vere eit flott verktøy for å visualisere ulike omgrep og konsept som deltakarane arbeidar med, og la dei arbeide med desse på ein meir konkret måte enn tidlegare. Dette steget kan også vere svært nyttig for den presenterte, som vil få innsikt i kva slags forståing deltakarane har opparbeida seg om dei omgrepa ein arbeidar med. Biletskyane kan brukast til å aktivisere deltakarane, blant anna ved at dei kan laste opp bilete frå nettet sjølv eller ta eigne bilete som dei kan laste opp. Ekstra interessant kan det vere å få elevane til å finne bilete av konsept og omgrep som er litt abstrakte, slik at dykkar forståing av omgrepa blir utfordra. Dette er eit godt verktøy for dei yngste deltakarane, så vel som dei eldre.

Open oppgåve

Den beste måten ein lærar kan utvikle djupare forståing hos elevane på, er å vere bevisst på kva spørsmål som stillast, kva omgrep desse spørsmåla skal sette eleven i stand til å oppdage, og kva slags innhald/bilete/verkemiddel læraren skal nytte for å auke mogelegheita for at elevar utviklar djup forståing av omgrep.

Nedanfor følgjer tips til korleis ein kan bruke opne spørsmål i undervisningsøkta di:

  • Opne spørsmål som til dømes «kva vil du lære meir om når det gjeldt….» kan brukast på slutten av labbar for å finne ein retning for vidare arbeid.
  • Opne spørsmål om kva du synst var vanskligst å hugse eller forstå på slutten av ein lab. La elevane hjelpe kvarandre med å skrive hugsereglar, og heng opp dei hugsereglane som får flest likes i klasserommet.
  • Still oppfylgingsspørsmål til dei svara som du opplev som ekstra interessante!
  • Bruk god tid på svara som kjem, og følg dei opp. Få tak i korleis elevane tenkjer framfor å avgjere om noko er rett eller galt. Direkte misoppfatningar kan korrigerast om dei er på definisjonsnivå.
  • Ein må ikkje ha svaret sjølv når ein stiller opne spørsmål. Å undre seg saman med elevane er å vere eit forbilde.
  • Opne spørsmål kan også brukast for å få elevane til å tenkje over eigne definisjonar. Gjennomfør ei slik oppgåve i byrjinga av presentasjonen, og be dei om å definere eit eller to sentrale omgrep. Sjå då kva dei kan om temaet frå før.

Korleis du kan utforme spørsmål som legg til rette for djuptgåande læring hos elevane kan du lese meir om i denne artikkelen: Spørsmål for dybdelæring

Match

Med match-steget kan deltakarane oppdage samanhengar mellom omgrep på ein morosam og engasjerande måte. Match er ei spelbasert steg kor deltakarane både kan samarbeide eller jobbe kvar for seg med å finne ut kva som høyrer saman, og på demme måta utvikle forståing og oppdage nye omgrep og samanhengar, noko som er svært viktig for utviklinga av djupare læring. Match steget har mange bruksområde. Mogelegheiten for å bruke bilete, gjer at steget også passar godt for dei yngste elevane, så vel som dei eldre. Match steget kan tilpassast til dei fleste fag, og gjev god visuell støtte til læringsprosessen samstundes som deltakarane aktiverast.

Quiz

Ved å bruke quiz-steget får ein engasjert deltakarane på ein morosam måte, kor dei får mogelegheiten til å ta aktive val og løyse problem, anten på eigahand eller saman med andre. Quiz kan gje elevane mogelegheiten til å reflektere over eiga kunnskap, og tenkje kritisk til dei alternativa dei må velje mellom. På denne måten kan dykkar mogelegheitar for djuptgåande læring aukast. Ved å la deltakarane samarbeide kan dei også få god trening i korleis dei kan hjelpe kvarandre, og korleis dei skal kommunisere saman for å bli einige om ulike svaralternativ.

Rubrikk

Rubrikken kan brukast som analyse for aukt refleksjon. Deltakarane blir leidde til å skrive inn i ein av kategoriane, og blir difor nødt til å reflektere over kva som passar inn kor. Her kan dei reflektere over si eiga forståing av dei ulike omgrepa som skal rangerast. Rubrikken fungerar veldig godt som eit verktøy for å visualisere ulike argument. Ved å stille spørsmål rundt, og samanlikne forskjellig argumentasjon, får deltakarane mogelegheiten til å argumentere for kvifor dei har gjort dei vala dei har gjort, samstundes som dei får vurdert sine eigne argument opp mot dei andre deltakaranes argument.

Ranking

Ranking kan brukast til å kartleggje deltakaranes forståing av ulike omgrep. Ved å rangere omgrepa blir dei nødt til å forstå betydninga av omgrepa og kva som skil dei frå kvarandre. Deltakarane må på bakgrunn av dette ta val rundt kva rekkjefølgje omgrepa skal rangerast i. Slik blir deltakarane aktivisert. Viktig å merke seg at steget ikkje eignar seg godt for meiningsmålingar, då rekkjefølgja som blir lagt inn av deg som lærar blir ein fasit og deltakaranes svar blir merka med raud/grønt utifrå om dei har lagt alternativa i same rekkjefølgje som læraren har lagt dei inn.

Dette steget kan også skape grunnlag for diskusjon, då ein i etterkant kan sjå på korleis deltakarane har rangert, og dei må argumentere for kvifor dei rangerte som dei gjorde. På denne måten blir deltakarane naudt til å reflektere rundt sine eigne val og vurderingar, samstundes som dykkar forståing av ulike omgrep kan utviklast vidare.

Spørsmål og svar

Spørsmål og svar kan vere eit nyttig verktøy for å utfordre deltakarane på å ta aktive val, då dei må ta stilling til kva dei meiner om ulike påstandar eller spørsmål. Sidan deltakarane her blir naudt til å velje mellom ulike svaralternativ, må dei resonnere seg fram til kva alternativ dei er mest einig i, før dei veljer eit av dei. På denne måten utviklast elevanes evne til refleksjon og problemløysing. I tillegg til dette kan spørsmål og svar fungere som eigenvurdering på slutten av økta, der deltakarane vurderar om dei har oppnådd måla med økta. Då blir deltakaranes stemme høyrt og dei byggjer karakter gjennom innsikt i eigne meininger og ferdigheiter.

Spørrjeundersøking

Spørreundersøkinga kan fyrst og framst vere eit nyttig verktøy for presentøren, då den fungerar godt til å kartleggje deltakarens ynskjer og behov. For å sikre god læring er det viktig at deltakarane er motiverte for undervisninga. Ved å kartleggje dykkar behov blir det enklare å leggje til rette for motiverande undervisning. I tillegg til dette tilretteleggjas det også for aktivitet, ettersom deltakarane sjølv får påverke kva tema som skal gjennomgås. Spørrjeundesøkingar kan også fungere som eigenvurdering for deltakarane. Då blir dei naudt å tenkje over kva tema dei allereie har gode kunnskapar om, og kva for tema dei treng å lære meir om.

Vi håpar dette kan vere til hjelp i arbeidet med labs! Dersom du ynskjer ei innføring i korleis du brukar dei ulike funksjonane, se vår opplæringslab her: opplæringslab

More To Explore