Tips til heimeundervisning

Share This Post

Alle skuler har gjort ei kjempeinnsats for å leggje om til heimeundervisning den siste tida og det er mange måtar å gjere det på. Vi har samla nokre tips til gjennomføring basert på tilbakemeldingar og erfaringar frå lærarar.

Ein måte å drive heimeundervisning på er å gje elevane oppgåver som dei løyser individuelt heime, og elevane leverer eit skriftleg oppgåvesvar. Alternativt løyser elevane oppgåver på digitale plattformar, med predefinerte riktige og gale svar.

Ei anna måte er undervisning via kommunikasjonsplattformar, til dømes Teams, Zoom, eller Skype. Elevane loggar seg på og kan kommunisere med lærar og medelevar.

Desse to måtane kan også kombinerast, ved at klassa har eit felles møte på Teams, deretter abeidar elevane individuelt, og til slutt har ein ei felles oppsummering.

Men det finst også ein tredje måte, som supplerar dei ovannemnde. Ved å bruke LearnLab kan elevane i tillegg sjå kvarandres forslag og byggje vidare på desse, slik ar elevane saman bidrar til kollektiv læring og omgrepsutvikling. Læraren kan også bruke elevanes innspel der og då til å stille oppfylgingsspørsmål og lage nye oppgåver. Vår erfaring frå den siste tida med heimeundervisning tyder på at vi får innspel og forslag får ein større del av elevgruppa, enn dei få som er aktiv i å snakke på Teams.

Om heimeundervisninga blir langvarig så vil det truleg krevje at lærarane fornyar og varierar undervisninga, undervegs i prosessen, for å halde oppe den gode motivasjonen som foreløpig er der ute blant både elevar og føresette. Ein enkel måte å variere undervisninga på kan vere å variere mellom stegtypane i LearnLab, til dømes lage «dagens match», «dagens quiz» eller gje ei oppgåve der elevane må ta eller laste opp «dagens bilete». Totalt er det 10 ulike stegtypar i LearnLab som kan nyttast på denne måten. Det viktigaste blir nok likevel å innvolvere elevane i dette utviklingsarbeidet.

Du kan altså bruke LearnLab på fleire måtar i heimeundervisninga.

  • Gjennomføre en LearnLab samstundes som elevane er logga på Teams, eller ei anna kommunikasjonsplattform. Dette kan også gjerast i mindre gruppar ved at elevar meldar seg på «Dagens LearnLab».
  • Utan kommunikasjonsplattform, der lærar og elevar er einige om eit starttidspunkt, så leiar læraren elevane gjennom økta i LearnLab. Det er då viktig å nytte innhaldssteget som kommunikasjon.
  • Elevane får oppgitt ei kode og kan starte når de sjølv vil. Læraren låser opp stega slik at elevane sjølv kan bevege seg fram og tilbake mellom dei ulike stega i laben. Dei kan sjå på film, svare på spørsmål, kommentere andre elevers forslag etc.
  • Gjennomføre korte sekvensar, gjerne som ein felles start på dagen, ved å nytte kun eit eller to steg i ei eigaprodusert lab. Etterpå kan elevane går over til anna arbeid.

Sitat frå ein lærar som brukar LearnLab aktivt:

«Vi tek imot betydeleg fleire spørsmål når elevane kan stille spørsmåla anonymt i LearnLab. Vi får også ein rasksare og meir nøyaktig tilbakemedling på korleis undervisningsopplegga og enkeltoppgåver fungerar i praksis. Ved å kombinere LearnLab med møtar i teams, så følar eg at vi oppnår ein god kvalitetssikring av opplegga våre. Det er også tidsbesparande å bruke LearnLab når vi ynskjer å gje alle elevane mogelegheit til å uttale seg. Vi har også gode erfaringar med å gje elevane tilgang til ein ny «ventevideo», kvar dag, før økta startar. Dei fleste elevane er nysgjerrige på den og mange elever er difor logga inn lenge før økta på LearnLab startar. Vi startar alltid presis.»

Her er eit døme på bruk av biletsky, der elevane blei bedt om å ta bilete av vårteikn med mobilen og dele til klassa. Elevane ga fine kommentarar til kvarandres bilete:

More To Explore