Nye digitale ressursar: Solidaritet og samhald i krisetider

Share This Post

I lisensversjonen av LearnLab publiserar vi jamt nye ressursar. Lyst til å teste ut nokre nye læringsopplegg med dine elevar? Våre nyaste digitale ressursar gjev deg mogelegheiten til å jobbe med omgrepa samhald og solidaritet i dagens kontekst.

Vi blir alle satt på prøve i den tida vi er inne i no. I desse læringsopplegga arbeidar elevane med omgrep som samhold og solidaritet, aktualisert med konkrete hendingar frå koronatida. Til dømes: korleis kan vi klare å ta vare på kvarandre når vi ikkje kan vere saman? Er du ein god medborgar om du hamstrar? Kva for yrke/jobbar er mest utsatt i krisetider? Ressursane inneheldt fleire korte filmar som bidreg til økt forståing og refleksjon.

Når elevane arbeider med desse oppgåvane får dei nyttig trening i å tenkje i perspektiv og å tenkje kritisk, sidan dei må ta stilling til fleire solidariske utfordringar. Læringsopplegga dekkjer delar av fleire kompetansemål i LK20 i faga norsk, samfunnsfag og naturfag. Kva for kompetansemål som dekkjast, ser du når du opnar opplegget. Labanae er også tett knytta til dei tverrfaglege temaa demokrati og medborgarskap, folkehelse og livsmeistring og berekraftig utvikling.

Finn opplegga ved å søkje i LearnLabs bibliotek under “Søk”, klikk på ressursen du ynskjer og kopier denne til din profil. Kun for brukarar med lisens.

LearnLabs digitale ressursar


LearLab har over 250 digitale ressursar for 1.-10.trinn. Her får du fleksible og interaktive opplegg som legg opp til djupare læring gjennom kollektiv deltaking for elevane, samarbeid og fokus på sentrale omgrep. Dømer på tema: berekraft, relasjonar, samfunn, demokrati, retorikk og forbruk. Læringopplegga passar fint til å samarbeide rundt sentrale omgrep i ein periode. LearnLabs ressursar er organisert i periodar som eignar seg til planlegging av tverrfaglege periodar.

Læringsopplegga er konstruert slik at elevane gradvis oppdagar dei sentrale omgrepa og ideane gjennom å fokusere på dei store spørsmåla innan samfunnsfag. Dømer på sentrale omgrep i læremiddelet er: demokrati, samfunn(val), relasjonar, berekraft (forbruk, ressursar), før og no og rettferd.

LearnLabs digitale ressursar er svært fleksible, der lærarane sjølv kan justere, endre og tilføye dersom det er ynskjelig. Oppgåvane er i all hovudsak opne og problemløysande. Læremiddelet anbefalar ei rekkjefølgje med stigande progresjon og vanskegrad, men lærarane står fritt til å velje ut frå behov.

Mange opplegg byggjer på kvarandre slik at det blir ein god progresjon i elevanes arbeid. Desse opplegga er knytta saman til periodar i LearnLab. Her finst det også forslag til oppgåver og vurderingsmåtar som ikke føreset skjermbruk.

Alle ressursane er kopla mot kompetansemåla i Fagfornyinga. Opplegga eignar seg godt for å arbeide tverrfagleg, særleg med faga naturfag, KRLE, norsk og engelsk. Dei tre tverrfaglege temaa: demokrati og medborgarskap, folkehelse og livsmeistring og berekraftig utvikling går som ein raud tråd gjennom opplegga.

Pålogging med Feide og vurderingsinformasjon

Når du kjøpar læremiddelet får du også tilgang til Feide-pålogging for elevar og lærarar. Læremiddelet er bygga opp slik at du kan samle vurderingsinformasjon, både på gruppe- og individnivå.

Vurderinga inneheldt informasjon om elevanes aktivitet i økta, samt kvaliteten på elevanes produksjon. Dette gjev deg som lærar mogelegheiten til å samle formative vurderingsspor, både i forhold til elevane, men også i kva for grad ei undervisningsøkt fungerte etter hensikta.

Ynskjer du å kjøpe lisens?

Lisens kan kjøpast på kommune- eller skulenivå. Pris avheng av antal elevar på skulen/i kommunen. Vi har lanseringstilbod denne våren kor du får LearnLab til kr 40,- per elev fyrste året*.

Då får du også med administrasjonsverktøy og nytt verktøy for elevproduksjon som lanserast til skulestart. Ta kontakt her for meir informasjon eller for eit uforpliktande tilbod.

*pris frå 2. år vil vere kr 70,- pr. elev.

More To Explore