Nye labs om grunnlovsdagen 17.mai

Share This Post

På søndag er det 17.mai. LearnLab presenterar labs som du kan bruke i saman med elevane dine for å reflektere over grunnlovsdagen.

Ved å reflektere rundt den norske grunnlovsdagen forsøkjer labane å gje elevane eit grunnlag som gjer det enklare for dei å oppdage samanhengar mellom historiske hendingar og fleire av dagens dilemma, både i vårt samfunn og det internasjonale samfunnet. Sjølv om labane inneheldt nokre tverrfaglege emner, er det å auke forståinga for det tverrfaglege temaet demokrati og medbrogarskap som er sentrale. Laben forsøkjer å aktivisere elevane på ein varierande måte ved å nytte diskusjon, video, matching og informasjonssteg. Ein forståing av grunnlova og kva slike lovar er og betyr, er sentrale i labane, og tilpassa dei ulike aldersstega.

Nytt gjerne laben i samanheng med 17. mai eller anna arbeid som handlar om lovar og reglar eller konfliktar.

Namn på labs:

Pålogging med Feide og vurderingsinformasjon

Når du har lisens på LearnLab får du også tilgang til Feide- pålogging for elevar og lærarar. Læremiddelet er bygga opp slik at du kan samle vurderingsinformasjon, både på gruppe- og individnivå.

Vurderinga inneheldt informasjonen om elevanes aktivitet i økta, samt kvaliteten på elevanes produksjon. Dette gjev deg som lærar mogelegheiten til å samle formative vurderingsspor, både i forhold til elevane, men også i kva grad ei undervisningsøkt fungerte etter hensikta.

Meir om LearnLabs digitale ressursar

LearnLab har over 250 digitale ressursar for 1.-10.trinn. Her får du fleksible og interaktive opplegg som legg opp til djupare læring gjennom kollektiv deltaking for elevane, samarbeid og fokus på sentrale omgrep. Dømer på tema: berekraft, relasjonar, samfunn, demokrati, retorikk og forbruk. Læringsopplegga passar fint til å samarbeide rundt sentrale omgrep i ein periode. LearnLabs ressursar er organisert i periodar som eignar seg til planlegging av tverrfaglege periodar.

Læringsopplegga er konstruert slik at elevane gradvis oppdagar dei sentrale omgrepa og ideane gjennom å fokusere på dei store spørsmåla innan samfunnsfag. Dømer på sentrale omgrep i læremiddelet er: demokrati, samfunn(val), relasjonar, berekraft (forbruk, ressursar), før og no og rettferd. LearnLabs digital ressursar er svært fleksible, der lærarane sjølv kan justere, endre og tilføye dersom det er ynskjeleg. Oppgåvane er i all hovudsak opne og problemløysande. Læremiddelet anbefalar ei rekkjefølgje med stigande progresjon og vanskegrad, men lærarane står fritt til å velje ut frå behov.

Alle ressursane er kopla mot kompetansemåla med Fagfornyinga. Opplegga eignar seg godt for å arbeide tverrfagleg, særlig med faga naturfag, KRLE, norsk og engelsk. Dei tre tverrfaglege temaa: demokrati og medborgarskap, folkehelse og livsmeistring og berekaftig utvikling går som ein raud tråd gjennom opplegga.

Ynskjer du å kjøpe lisens?

Lisens kan kjøpast på kommune- eller skulenivå. Pris avheng av antal elevar på skulen/i kommunen. Vi har lanseringstilbod denne våren kor du får LearnLab til kr 40,- per elev fyrste året*.

Då får du også med administrasjonsverktøy og nytt verktøy for elevproduksjon som lanserast til skulestart. Ta kontakt her for meir informasjon eller for eit uforpliktande tilbod.

*pris frå 2. år vil vere kr 70,- pr. elev.

More To Explore