Med det nye match steget kan elevane oppdage relasjonane mellom omgrep på ein morosam og engasjerande måte. “Match” er eit spelbasert steg kor elevane kan samarbeide eller jobbe individuelt med å finne relasjonane mellom ord eller bilete, og gjennom dette utvikle forståing og oppdage nye omgrep.

Match er det nyaste steget av dei no 11 steg-typane i LearnLab. Det gjev deg mogelegheiten til å leggje inn bilete eller tekst som representerar omgrep eller tema som heng saman. Du kan velje mellom å matche gruppar av 2 eller 3 omgrep om gongen. Deltakarne får så mogelegheita til å oppdage desse samanhengane på sine smarttelefonar, nettbrett eller PCer. Når alle i gruppa har oppdaga ein match dukkar matchane opp på presentasjonsskjermen.
Match steget har mange potensielle bruksområde. Mogelegheita til å bruke bilete gjer at steget passar godt både for yngre og eldre elevar. Match steget kan nyttast i alle fag, og gjev god visuell støtte til læringsprosessen, samstundes som alle deltakarane blir engasjert samstundes.
Lær meir om korleis ein brukar match steget her: