Vurdering for djuptgåande læring på digitale flatar

Share This Post

Ny dag – nye moglegheiter

Ny læreplan – nye mogelegheiter


Eit berende element i LK20 er ambisjonen om meir djuptgåande læring for elevane våre. Vurderingsforskrifta er også nyleg justert for å støtte opp om dette viktige og positive endringsarbeidet. Vi i LearnLab tek konsekvensane av dette i vårt digitale økosystem.

Så vel Ludvigsenutvalet som andre skulefolk, har presisert at å skape meir djuptgåande læring er avgjerande for ein heilskapeleg realisering av fagfornyinga. Vi veit at vurderingsformar og vurderingskultur er blant dei mest verknadssfulle verktøya i verktøykassa. Å vurdere inneber å prioritere verdiar. I LK20 er djuptgåande læring ein verdi vi alle er forplikta til å settje høgt på to-do-lista. Difor er grunnen klar for å utvide det vi kjenner som akronymet VFL (Vurdering For Læring) til VFDL: Vurdering For Djuptgåande Læring. Vårt undervisningsverktøy CoLab er konstruert for kollektiv underveisvurdering med elevane i sentrum.

Skulen er ei einaste stor vurderingskultur

Skulen eit samfunn i samfunnet, og består av kommunikasjon. Kommunikasjonen går på kryss og tvers mellom lærarar, elevar, leiarar og ikkje minst offentlege styringsdokument. I dette systematiske kaoset er vurdering ei særleg form for pedagogisk kommunikasjon. Kommunikasjonsforma vurdering fungerar i hovudsak etter følgjande prinsipp:

Det du spør om, er det du får

Elevane vil stort sett prøve å innfri forventningane skulen kommuniserar til dei. For å sette det på spissen gjennom ein elevstemme frå ungdommsskulen:

Når du har masse prøver, prøver du å hugse alt til kvar prøve. Så må du gløyme det så raskt som mogeleg, slik at du får plass til det du treng å hugse til neste prøve.

Forenkla sagt vil vurderingsformar som vektlegg fragmenterte utanåtkunnskapar og leksikalske tilnærmingar, støtte overfladiske læringsformar og fremme einsidig kognitiv læring. Skuler som ynskjer meir djuptgåande læring, det vil sei utforskande, skapande og kreative elevar, må bevisst jobbe fram ei vurderingskultur som skapar slike elevar. Dette kan kallast VFDL. I LearnLab vier vi eigenvurdering stor merksemd gjennom å vektleggje samanghengen mellom elevanes forkunnskapar og læring.

Korleis kan ein skape ei vurderingskultur for djuptgåande læring?

Spørsmålet er enkelt, men svaret er komplekst. Ein metode kan vere å utleie eit kriteriesett i spørsmålsform frå Udirs definisjon av djuptgånde læring. Det kan til dømes sjå slik ut:

  • Fremmar vurderinga læring i fag og mellom fagområde?
  • Styrkar vurderinga elevanes refleksjon over eigen læring?
  • Er vurderinga praktisk og variert? Ut over det teoretiske og kognitive?
  • Varetek vurderinga prinsippet at elevane får vise kompetanse i kjende og ukjende situasjonar?
  • Vurderast elevane i individuelle og kollektive læringssituasjonar?
  • Fremmar vurderinga gradvis utvikling av kunnskap (progresjon)?
  • Bidreg vurderinga til varig forståing av:
    • omgrep
    • metodar
    • samanhengar

I vurderingsverktøyet MyLab jobbar vi med løysningar som støtter vurdering for djuptgåande læring – både formativt og summativt. Våre rammar er LK20, vurderingsforskriften og leiande forskning på området. Du er velkommen til å smugkikke ved å trykke her!

More To Explore