LearnLab tilbyr gratis, digitale læringsressursar kor du kan skape og dele interaktive læringsøktar. Du har kanskje lurt på kvifor vi har utvikla ein teknologi for så å gje den bort gratis? Det er fordi vi har fått tildelt støtte frå Utdanningsdirektoratet, Forskningsådet og Innovasjon Noreg for å skape framtidsretta utdanningsteknologi.

LearnLab blei basert på ein visjon om å spele ein nykelrolle i å endre utdanningssystem over heile verda. Vi vil fremme inkludering, livsmeistring, demokrati og menneskerettar for alle elevar. Det inneber å gje alle elevar lik tilgang til relevant innhald basert på elevanes situasjon og kultur. Innhald som gjer dei rusta til å lause notidas og framtidas utfordringar. Første steg i realiseringa av vår visjon har vore å utvikle ein plattform for å skape og dele innhald som legg opp til aktiv læring slik at elevane kan oppdage omgrep.
Vi i LearnLab er difor veldig glade for at vi har fått tildelt støtte frå Utdanningsdirektoratet, Forskningsrådet og Innovasjon Noreg for å utvikle LearnLab. Denne støtta har gjort det mogeleg for oss å tilby ny, innovativ og gratis teknologi til alle som ynskjer å bruke LearnLab for å skape gode lærings-opplevingar. Den teknologien vi tilbyr gratis i dag, vil forbli gratis også i framtida.

I tillegg til ei gratis plattform tilbyr også LearnLab ein lisens i Noreg som gjev deg tilgang til tverrfaglege undervisningsoppleg i naturfag og samfunnsfag, retta mot fagfornyinga. Lisensen inneber også integrasjon mot FEIDE, slik at lærarar og elevar kan bruke FEIDE-pålogging til å få vurderingsdata på gruppe- og individnivå frå LearnLab-øktene.