Vil fagfornyinga fornye skulenP

Share This Post

Svaret på det, er sannsynlegvis eit rungande tja! Læreplanen for Kunnskapsløftet 2020 risikerar nemleg å bli nok eit dokument som hamnar ein stad der det ikkje høyrer heime: i ein skuff i eit skrivebord på landets mange skuler og kontor. Eller rettare sagt som ein altfor lite besøkt webside hos UDIR. Kva betyr det? Ei antydning om at landets skulefolk ikkje gjer jobben sin? Nei da, det er ikkje eit uttrykk for mistillit til landets 100.000 lærarar. Det er ei påminning om at norske skuleleiarar er uvurderlege i realiseringa av fagfornyinga. Norske rektorar og andre skuleleiarar er premissberande for at LK20 kan finne sin veg frå skrift til pedagogisk handling.

Ein ny læreplan endrar i seg sjølv ingenting. Prøv berre å tenk deg bibelens innverknad utan paven, biskopar, prestar og andre som omsett ord til handling. Dei geistlegast makt er analoge med skuleleiaranes fortolkning av den fornya læreplanen, og ikkje minst kva handlingar som følgjer av det narrative som LK 2020 utgjer. Møtet mellom læreplan og skuleleiar førebur grunnen for kva retning skulen veljer og kva faktiske førebuingar dette leiar til.

Læreplanar er ikkje bruksrettleiing eller matoppskrifter, dei er offentlege styringsdokument med omfattande verdisett og handlingsrom. Handlingsrommet i LK20 er hermeneutikk i praksis – det er tekstar som krev analyse, verdi- og handlingsval ute på kvar skule. Mens fortidas skule kvilte på individuell autonomi («sololæraren») er det i dag kollektiv autonomi som gjeldt: profesjonsfaglege felleskap leidd av rektorar og skuleleiarar på «skuleeigarnivå«. Leiing av profesjonsfellesskapa er avgjerande for utviklingskrafta og retninga på kvar skule. Leiarane har ei avgjerande rolle.

Skal skulen vere ein med- eller motkultur?

Skulen kan sjåast som eit samfunn i samfunnet, ei verd i verda. Skulen er født av samfunnet og er dømd til å springe samfunnets ærend. Skulen er ein institusjon som reproduserar og forsterkar verdiane og handlingsmønstera som stor- og lokalsamfunnet representerar. Skulen fungerar som ein «medkultur».

Fagfornyinga representerar eit moderat brot med fortida, ein retningsendring side om side med kontinuitet. Trendskiftet er fyrst og framst representert ved nyordet djuptgåande læring – som det fortsatt herskar betydeleg forvirring om. Kan ein del av forvirringa fjernast ved at ein sett omgrepet i samanheng med andre sentrale omgrep i LK20? Eit enkelt ord skapar som kjent ikkje eit kart. Å lese eit kart krev at ein tenkjer i fleire dimensjonar på same tid, for å halde kartet opp mot terrenget- røynda. Djuptgåande læringsomrgrepet må setjast i samanheng med berekrftig utvikling, demokrati og medborgarskap, folkehelse og livsmeistring for å bli potent i klasserommet. Overordna del må lesast i lys av fagplananes kompetansemål, kjerneelement og ikkje minst vurderingsforskrifta.

Fagfornyinga er ein invitasjon – og ein forplikting – å sørgje for både kontinuitet og nytenking i skulen, på same tid. Skulen er ein tradisjonsformidlar og kulturberar, samstundes som den må leie an heilt sentrale samfunnsendringar, representert blant anna dei tre nye tverrfaglege temaa. Størst av desse er kanskje berekraftig utvikling som på miljøområdet er den største utfordringa menneskja nokon gong har stått ovanfor. Dette er eit stjernedøme på at skulen må prioritere lærings- og danningsprosessar som skal sikre ei verdig framtid på ein felles klode. Å ture fram som vi hittil har gjort er ikkje ein reell mogelegheit – så på det området kan skulen seiast å ha ei rolle som motkultur mor inngrodde uvanar i samfunnet og leveviset vårt.

Leiing av digitale mogelegheiter

Det er ein megatrend ein ikkje kjem utanom og det er digitaliseringa. Det er strekk i laget av skulens utnytting av digitale læremiddel, men trenden er klart positiv. Den våte draumen er at skulen blir samfunnsleiande på digital læring. Det er ein naturleg ambisjon og det er heilt klar innan rekkevidde. Aukt skjermtid og passivisering av elevane har vore problematisert sidan digitaliseringas morgen, men digitalinseringa kjem ikkje til å gå over. Den vil auke på alle skulens område. Løysninga blir å bruke digitale verktøy i det godes teneste samstundes som vi minimerer ulempene. I pedagogisk samanheng er potensialet enormt. Verda og Noreg er «connected» – og denne connectivismen må vi bruke for alt den er verd. Det viktige er at pedagogikken skal styre teknologien, og ikkje omvendt (Fullan, M., 2015).

Djuptgåande læring og digitale læringsverktøy høyrer saman. Dei er kvarandres forutsetningar og er blant norske skuleleiarars viktigaste oppgåver. I LearnLab har vi utvikla verktøy som kan vere med på å utløyse potensialet i den digitale teknologien LK20. Ta kontakt eller les meir på learnlab.net.

Om temaet engasjerer kan du vere med på fyrste dag av den digitale læringskonferansen Læring på
digitale flater allereie 10. februar. Sein påmelding er tilgjengeleg på digitalkompetanse.no om du er rask!


More To Explore