LearnLab + Skolon = sann

Share This Post

No finn du LearnLab på Skolon! Alle som brukar Skolon kan no kjøpe og administrere sine LearnLab-lisensar gjennom Skolon-plattforma.

LearnLab har valt å bli medlem av Skolon, noko som inneber at det er enklare for både lærarar og elevar som brukar Skolon å få tilgang til og bruke LearnLab og sine andre digitale skuleverktøy – alt blir samla på ein stad. Det reduserar administrasjonen, sparar tid i klasserommet og gjer det enklare å jobbe digitalt, både for lærarar og elevar.

På Skolon finn du både gratisversjonenn av LearnLab, samt våre lisenspakkar med tverrfaglege ressursar for 1.-10. trinn. Du kan kjøpe våre digitale ressursar for alle trinn, eller velje å kjøpe kun for 1.-4. trinn, 5.-7. trinn eller 8.-10. trinn. Les meir om våre digitale ressursar  her.

Om Skolon

Skolon er ein smart samlingsplass for digitale skuleverktøy. Skolon samlar alle dine digitale læremiddel – her kan du finne og ta i bruk alle dine læremiddel på ein stad. Skolon hjelper deg med å handtere dine lisensar frå ulike leverandørar, tildele og trekkje lisensar, samt å gje deg ein oversikt over alle data til lærarar og elevar. Ved å samle alt du treng på ein stad, sparar du tid og administrasjon. Les meir om Skolon: www.skolon.com

Administrer din LearnLab-lisens i Skolon

Det er enkelt å bruke og aktivere undervisningsmaterialet vårt på Skolon. Slik brukar du LearnLab på Skolon med 3 enkle trinn:

  1. Om du vil bruke undervisningsmaterialet vårt på Skolon, kan du kontakte oss som leverandør. Fortel kva slags undervisningsmateriell du vi aktivere, og kva for skule det gjeldt.
  2. Vi aktiverar ynskja lisens på Skolon.
  3. Når lisensen(ane) er klar til å brukast på Skolon, vil også skulens administrator få ein e-post om at den no kan distribuerast. Så er alt ferdig og klart til bruk!

Ynskjer du å kjøpe LearnLab-lisens?

Lisens kan kjøpast på kommune- eller skulenivå. Pris avheng av antal elevar på skulen/i kommunen. Vi har lanseringstilbod denne våren kor du får LearnLab til kr 40,- per elev fyrste året*.

Då får du også med administrasjonsverktøy og nytt verktøy for elevproduksjon som lanserast til skulestart. Ta kontakt her for meir informasjon eller for eit uforpliktande tilbod.

*pris frå 2. år vil vere kr 70,- pr. elev.

More To Explore