Elevar med venger og spennetak mot framtida

Share This Post

Det er ingen tvil. Skulen i Noreg har det siste året vore gjennom eit jordskjelv. Det starta med nokre mindre rørsler også før 12.mars 2020, men no har vi verkeleg bitt rista og dratt opp med røtene. For midt oppi det som kanskje med tida kjem til å bli sett tilbake på som den brattaste digitale læringskurva i lærarstanden, skulle vi også forstå og omfamne den nye læreplanen, LK20.

Frå hausten 2020 skal lærarar leggje til rette for elevmedverknad i alle fag. I denne samtala mellom Kristine (barneskule) og Ingrid (ungdomsskule) drøftast fleire sidar av elevmedverknad, LK20 og korleis dei brukar LearnLab i klasserommet:

K: Elevmedverknad er eit omgrep som gjennom dei ulike læreplanane har hatt ulikt fokus på ulik ordlyd. Blei det ein ansvarsfråskriving hos læraren då ansvar for eigen læring stod sterkt? Omgrepet let seg lett forveksle med elevdeltaking og kanskje det i nokre, forhåpentlegvis få, tilfelle blir likestilt med å ha eit elevråd? Elevmedverknad i LK20 handlar om noko meir inngripande, det skal skje i alle fag. Eg veit eg har ein jobb å gjere, og eg håpar fleire kjenner på ansvaret. Kan verktøya i LearnLab hjelpe oss på vegen mot meir elevmedverknad?

I: Når eg brukar LearnLab i undervisninga, utviklar eg til dømes vurderingskriteriar for oppgåver saman med elevane. I undervisningopplegga ser eg kor verdifullt det er med alle dei ulike meiningane som kjem fram i dei kollektive og elevaktive oppgåvane. Dei som er raskast med å svare, inspirerar og sett andre i gruppa på sporet. Det å gje tid til å la elevane undre seg, ikkje gje dei, eller leggje opp til fasitsvar, er ein nykel. Det er i sprekkane mellom desse meiningane at ny innsikt dannast. I desse mellomromma vil også elevane sjå at meiningane dykkar betyr noko. Om elevanes stemme får større eigenverdi i undervisninga, kan det føre til eit større engasjement og motivasjon.

K: Her har du eit godt poeng. Det siste året har eg også brukt CoLab i klassas drøftningar rundt sakar som angår dei på skulen. Her har elevane sjølv vore med på å stille spørsmål og styre klassemøta ved hjelp av ulike steg. Eg ser elevane kjennar seg tryggare på å kome med innspel og at det blir langt fleire innspel når dei kan skrive svara inn anonymt samstundes som dei gjev kvarandre idear. Ei anna positiv side er å sleppe alle dei lause lappane og sorteringsarbeidet. Det kan du gjere direkte i verktøyet. Noko som sjølvsagt gleder eit lærarhjarte.

I: Einig, det handlar mykje om å skape ei kollektiv undring saman i klassa. Eg hadde ei god oppleving med ein oppstart av eit tverrfagleg opplegg “Med litteraturen som vitne” om Holocuaust. Vi starta opp med CoLaban om Gunvor Hofmos dikt, “Det er ingen kvardag meir”. Ved å leggje opp til at elevane saman får undre seg over tema, stemninga og bakgrunnen for diktet, vekkast interessa og engasjementet. Dei får ei anna “inngang” og refleksjon. Det er mange store tema som rørast ved, og den genuine samtala og diskusjonen spring ut frå elevanes eigne innspel, er makelaus. Elevane får på ein måte eige innhaldet i undervisninga meir enn i ein tradisjonell undervisningsøkt.

K: CoLab har mange ulike steg som ned sin eigenverdi skapar undring, refleksjon og ynskje om å lære meir. Serien om insekter (CoLab: kunne vi levd i ei verd utan insekt) startar med ein spørjeundersøking, det var givande å sjå korleis 5.klassingane beinveges starta å diskutere og reflektere rundt klassas resultat. Det blei som ein skatt å ta med seg vidare i arbeidet, og vi kunne trekkje inn mange ulike fag i samtala rundt undersøkinga. Med tanke på undringsomgrepet i LK20 gjev slike steg gode mogelegheiter for elevanes refleksjonar. Det er inspirerande som lærar å sjå kor engasjerande forskning i eiga klasse er.

I: Ja, ein lærar som er i dialog med elevane og som evnar å bringe nye perspektiv og kritiske tankar inn i samtala, gjer nok mykje riktig. Eg har lest ein artikkel i Utdanningsforskning om eit forskningsfunn frå eit skuleutviklingsprosjekt, der 150 elevar fekk erfare sjølvbestemming i læringsaktivitetar ein dag i veka over eit skuleår. Funna viste at sjølvbestemming var nye og positive erfaringar for elevane, der opplevingar av fridom og tillit, fri vilje og flyt var framståande. Denne sjølvbestemminga bør jo også gjelde i tilretteleggjinga av eigen undervisning. I situasjonar kor det skal leggjast til rette med ulike tiltak, bør eleven foreslå sine eigne tiltak i ei trygg setting. For eleven stør vel i fyrste rekkje når det gjeldt å sei si meining om kva for tilretteleggjing av undervisning som hjelper og motiverar?

K: Eg tenkjer det er her vi som ansvarlege pedagogar, må våge meir. Mi erfaring, spesielt gjennom det siste skuleåret, er at elevmedverknad og tverrfaglegskap skapar entusiasme og motiverar elevane til djupare forståing ved at dei ser verda meir autentisk og ikkje delt opp i fag. Eg har tru på verdien av orda vi veljer å bruke saman med elevane. Det siste året har eg i periodar innført kreativt verkstad på timeplanen. Eg meiner at ved å kalle det faglege innhaldet med and andre ord i seg sjølv kan skape engajement. I kreativt verkstad brukar vi ulike verktøy i LearLab aktivt til å la elevane påverke korleis vi skal løyse oppgåvar. Elevane brukar steg som opne oppgåver for å kome i gong med idear, ta val om framgangsmåte, kva verktøy dei vil bruke og kven som skal vere mottakar. Det er ingen tvil om at denne metoden skapar engasjement. Ved bruk av CoLab blir idear utveksla, alle får eit breiare utgangspunkt, og ingen sitt igjen med blanke ark.

I: Eg har også god erfaring med variasjonen ein får ved å bruke desse verktøya. Om ein lagar tankekart i IdeaLab eller lagar ei bok StoryLab, kan ein få heilskaplege undervisningsopplegg der elevane får brukt fagstoff og omgrep i fleire samanhengar. Eg kan bli endå flinkare til å gje elevane mine større fridom i kreativitet og medverknad i oppgåvene og innhaldet i undervisninga. No som skulen er i endring med LK20, er det spennande å sjå om lærarane klarar å sleppe taket i mange gamle vanar og gje rom for nye.

Vi lærarar må ta i bruk heile lærarplanen for å sjå breidda av mandatet vår og formålet med arbeidet. Dei tverrfaglege temaa legg opp til endring i den tradisjonelle faginndelinga. Tillit og tiltru til lærarar er viktig i endringsfasar som den vi er inne i no. Stødige og innarbeidde metodar som førar til gode læringsresultatar skal setjast på prøve i møte med talbasert data som dømmekraft. Standaridisert testing, nasjonale kartleggjingar av læringsresultatar meiner vi kan setje kjeppar i hjula for elevanes integritet og dykkar sjølvkjensle som medverkande i eigen læringsprosess. Korleis kan eigentleg elevane få ein reell medverknad på eigen læring når den aldersbestemde akademiske endestasjonen allereie er besemt?

Korleis kan vi klare å tilpasse alle motordrane og desse ferdigheitane for framtida til det vi alltid har gjort? Kva med å sei farvel til den haldninga og heller lene oss meir framover? Kva med å tenkje at no kan vi bli med på ei ny reise? Der vi saman med elevane skapar det framtida verkeleg treng!

More To Explore