Kjenneteikn på djupare læring

Share This Post

Læringsverktøyet LearnLab er skapa for å fremme omgrepslæring og djupare læring, men kva er det ein skal sjå etter i praksis for å finne ut om djupare læring faktisk finn stad?

Dei siste åra har vi studert over 300 klasserom og drøfta med lærarar kva som ligg i omgrepet djupare læring og korleis dette kan sjå ut i praksis. Ulike definisjonar på djupare læring tek ofte utgangspunkt i ein forståing av djupare læring som kunnskap som gradvis utviklast over tid og som kan anvendast på tvers av kontekstar. Kanskje det viktigaste er å leggje til rette for ein undervisning der eleven kan nytte kunnskapar og omgrep til å lause komplekse problem på kreative måtar, saman med andre.

Når ein slik djupare læring er målet, kan det sjå ut til at det er avgjerande at læringa engasjerer eleven på måtar som gjer eleven i stand til å tileigne seg djup kunnskap gjennom aktivitet der eleven opplever å vere ein aktør. Eleven vert leidd gjennom ein reise der ho oppdagar djupna i – og relevansen av – viktige omgrep. Korleis kan dette sjå ut i praksis?

I samarbeid med over 150 skuler har vi utvikla nokre kjenneteikn på djupare læring:

Lista garanterar på inga måte djupare læring. Ein kan jo til dømes ha aktivitet og samarbeid, utan at elevane nødvendigvis oppdagar nye omgrep og utviklar djupare forståing av dei. Lista fungerar likevel godt som eit paktisk verktøy for å sette fokus på ulike kjenneteikn ved undervisning som bidrar til eit utgangspunkt for djupare læring. Desse omgrepa kan også nyttast som tags på undervisningsopplegga som ligg i LearnLab.

More To Explore