Sal, service og reiseliv vg1

Vg1 sal, service og reiseliv handlar om drift og service i verksemder. Programfaga skal hjelpe elevane å forstå betydninga av service- og vertskapsrolla, og gi ei innføring i administrative og økonomiske oppgåver. Vidare handlar programfaga om å utvikle produkt og tenester som dekkjer behova kundane og samfunnet har. Progamfaga skal ruste elevane til eit arbeidsliv som krev at servicemedarbeidaren tar etiske og berekraftige val og som sikrar tryggleik innanfor verksemda.

 

Her finn du oversikt over ressursane, sortert etter fag:

Forretningsdrift

I programfaget forretningsdrift blir det fokusert på drift, utvikling og lønnsemd av verksemder. Faget gir elevane innsikt i relevant lovverk, korleis økonomi er viktig for drift og utvikling, og kvifor HMS er grunnleggjande viktig for forretningsdrifta.

Marknadsføring og innovasjon

I programfaget marknadsføring og innovasjon blir det fokusert på å analysera forbrukaråtferd, og korleis ein kan bruka konkurransemidlane til målretta marknadsføring og innovasjon. Marknadsføring sest i samanheng med behovet for ei berekraftig utvikling.

Kultur og samhandling

I programfaget kultur og samhandling blir det fokusert på vertskapsrolla, etiske dilemma i servicebransjen, nettverksbygging og rolla til servicemedarbeidaren i krevjande situasjonar.