Entreprenørskap og bedriftsutvikling handlar om innsikt i etablering og vidareutvikling av verksemder. Faget skal gi elevane ei teoretisk og praktisk forståing av korleis menneske og verksemder kan påverke utviklinga av næringsliv og samfunn. Faget handlar vidare om korleis entreprenørskap kan skape nye, og utvikle eksisterande, arbeidsplassar og førebu elevane på vidare studiar og framtidig arbeidsliv.
Her finn du oversikt over ressursane, sortert etter fag:
Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1 handlar om etablering av verksemder. Faget gir elevane ei teoretisk og praktisk forståing av korleis menneske og verksemder kan påverke utviklinga av næringsliv og samfunn.
Entreprenørskap og bedriftsutvikling 2 handlar om vidareutvikling av verksemder. Faget gir elevane ei teoretisk og praktisk forståing av korleis menneske og verksemder kan påverke utviklinga av næringsliv og samfunn, og gir innsikt i korleis entreprenørskap kan skape nye, og utvikle eksisterande, arbeidsplassar, og førebu elevane på vidare studiar og framtidig arbeidsliv.
I denne serien finn du ressursar som kan brukast i arbeidet med læringsstrategiar og øvingar fram imot eksamen
Støtteordningar til vidareutvikling og finansiering av kapitalbehov samt internasjonale forretningsmoglegheiter