Samfunnsøkonomi

Samfunnsøkonomi handlar om å forstå det økonomiske samspelet mellom ulike aktørar i privat og offentleg sektor i Noreg, og mellom Noreg og andre land. Økonomisk teori og tenkemåte gir grunnlag for å forstå samanhengar i økonomien og økonomisk politikk. Samfunnsøkonomi skal bidra til å kunne forstå korleis politiske avgjersler påverkar økonomi, miljø og velferd. Faget handlar også om korleis verdiar blir skapt og fordelt i offentleg og privat sektor. Faget førebur elevane til vidare studiar, og gir eit grunnlag for å delta i samfunnsdebatt og arbeidsliv.

Her finn du oversikt over ressursane, sortert etter fag:

Samfunnsøkonomi 1

Samfunnsøkonomi 1 skal gi elevane eit fundament til å forstå korleis økonomisk teori kan brukast i samfunnsøkonomiske spørsmål. Det er dagleg hendingar, nasjonalt og internasjonalt, som kan knytast inn mot økonomisk teori, statistikk og kunnskap. Læringa i faget skjer både individuelt, i grupper og i heile klassar. Oppgåvesvar kan lagrast i Learnlab som grunnlag for vurdering. Munnlege ferdigheiter vektleggast i læringsressursane.

Samfunnsøkonomi 2

Samfunnsøkonomi 2 skal vidareføre kunnskapen og ferdigheitene frå Samfunnsøkonomi 1, der det i større grad forventast meir bruk av modellar. Det vil derfor vere stor grad av vidareføring av dei same temaa som er i førsteåret av faget. Det vil leggast vekt på større skriveoppgåver, større munnlege oppgåver og meir fordjuping. Det å kunne strukturere oppgåvesvar på ein god måte, slik at teori og  kunnskap kan brukast og visast, vil vere ein del av faget. Formålet er å gjere elevane førebudde på vidare studiar.