Norsk

Her finn du oversikt over ressursane, sortert etter overordna tema:

Utforske og formidle tekst

Her blir elevane kjent med eit utval skjønnlitteratur og sakprosa. Dei brukar ulike lesestrategiar og får sjølv leike med språket og prøve ut forskjellige verkemiddel og framstillingsmåtar i munnlege og skriftlege tekstar. Gjennom dei ulike sjangrane får elevane reflektert og argumentert rundt mange ulike tema.

Språkleg mangfald

I dette temaet skal elevane samanlikne talespråk i nærmiljøet med andre talespråkvariantar i Noreg og med nabospråk. Gjennom dette arbeidet skal elevane utforske og reflektere over samanhengen mellom språk og identitet og dei får innblikk i tekstar frå det samiske språket.

Grammatikk

Desse seriane bygger vidare på innhaldet i seriane om grammatikk som ligg under 3. og 4.trinn. Bruk gjerne dei seriane som repetisjon for å sikre god progresjon. Her finn du spennande opplegg som kan brukast til ein systematisk gjennomgang av dei forskjellige ordklassane.