Idealab brukarrettleiing

Idealab logo

Ofte stilte spørsmål

Idealab er verktøyet for å skape, redigere og publisere tankekart og tidslinjer.

I Idealab kan eleven utforske idear og visualisere si forståing av konsept og omgrep. Kreativitet, kompetanse og kommunikasjon blir utfordra når ein jobbar med å setje saman ord, omgrep og bilete i ulike system og hierarki.

Visualiseringane i Idealab er dynamiske og kan enkelt endrast frå tankekart til familietre, eller frå omgrepssirkel til tidslinje. Arbeidet delast på tvers av applikasjonar i LearnLab-universet, eller eksporterast til ekstern deling og lagring.

I Idealab lagar du tankekart over ulike tema. Du legg til element (noder), som du bygger på med nye element, og arrangerer på ulike nivå.

Du kan legge til tekst, bilete, video, symbol og lyd i ein node. I Idealab finn du eit ressursbibliotek med millionar av bilete, videoar og symbol der opphavsrett er avklart. Søk i biblioteket er enkelt, og er sortert ut frå omgrep i LK20. Du kan også laste opp eigne lydar, videoar, symbol og bilete.

I IdeaLab kan ein jobbe individuelt eller fleire kan samarbeide.

Du legg inn bilete ved å bruke menyen til venstre og trykke på bilete. Du kan søke opp eit i biblioteket, velje ut frå kategoriane, eller laste opp eit eige bilete.

Du velje eigne bilete frå eininga di, eller du kan kopiere eit bilete frå nett og lime inn i opplastingsvindauget. Du limer inn bilete ved å trykke CTRL + V.

Du kan velje ein eller fleire medforfattarar i Idealab. Då kan de jobbe saman, og redigere i same bok.

Du vel kven som skal vere medforfattar(ar) i oversikta over dine Ideealabar. Trykk på dei tre prikkane oppe til høgre på laben du vil samarbeide om, og vel medforfattar. Du kan velje mellom både kollegaer og elevar.

Ved å dele ein kopi, får dei du delar med ein eigen versjon av Idealaben som dei kan endre og jobbe med.

Dersom du vil dele ein kopi av ein Idealab med kollegaer eller elevane dine, gjer du dette i oversikta over dine Idealabar. Trykk på dei tre prikkane oppe til høgre på Storylaben du vil dele, og vel del ein kopi. Då får du opp eit felt der du kan velje kva for brukarar du vil dele med.

Idelab er kun tilgjengeleg for brukarar med ein lisensavtale. Dersom din arbeidsplass har lisens, og du likevel får denne meldinga, må du kontakte support. Legg ved brukarnamn og påloggingsmetode.

Finn du ikkje svar på det du leitar etter?

Kontakt oss via e-post eller skriv til oss på vår Facebook-side