Samfunnsfag
Her finn du oversikt over ressursane, sortert etter overordna tema:
Samfunnskritisk tenking og samanhengar
I dette temaet blir elevane trena til å oppdage samanhengar mellom det geografiske, historiske og det som skjer i notida. Elevane analyserer korleis makt og maktrelasjonar påverkar samfunnet. Dette inneber at elevane skal kunne undre seg, reflektere omkring og vurdere korleis kunnskap om samfunn blir til.Desse undervisningsopplegga omhandlar tidsperioden steinalderen. Gjennom opplegget vil elevane tileigne seg grunnleggande omgrep og kunnskap om tidsepoken. Del 1- tek for seg grunnleggande kunnskap om epoken, slik at kjenneteikna blir satt. Del 2- tek for seg kor kunnskapen kjem frå, arkeologane sine funn, og samanlikninga til levemåten i dag. I tillegg får elevane fundere på om levemåten i steinalderen fortsatt fins i dag. Serien består av fire labs, der dei to første er rekna for dei aller yngste.
Den første laben er ei enkel innføring i kva kart er og dei fire himmelretningane. Mange unge elevar synest dette kan vere eit vanskeleg og abstrakt område. I den andre laben blir deltakarane litt betre kjent med nabolanda våre. Flagg, språk og hovudstader er hovudfokus. Den tredje laben tek for seg kor vi bur og korleis vi kan finne fram til ei adresse.
Demokratiforståing og deltaking
I dette temaet får elevane innsikt i skilnadane mellom land når det kjem til styresett og ivaretaking av menneskerettar. Dei får hjelp til å oppdage kvifor konfliktar har oppstått og oppstår. Dette inneberer at elevane skal kunne undre seg, reflektere omkring og vurdere korleis kunnskap om demokratiforståing og deltaking blir til.Gjennom desse ressursane blir elevane introdusert for barnekonvensjonen og barn sine rettar med ei undrande tilnærming. Tilnærminga til emnet er nær elevane sitt eige liv og kan gi ei djupare forståing av viktige element, som verdien i å vere unik og eigne prioriteringar av kva som er viktig i sitt eige liv.