Learlab KI

Framtidsretta KI-verktøy for formativ vurdering.

Learnlab jobbar aktivt for at fleire oppgåver oppfordrar elevane til å jobbe saman og vere utforskande og aktive, framfor summative prøver som grunnlag for vurdering. I Learnlab kan elevane vise kreativ læring, og få presis undervegsvurdering med støtte av KI – som vil kunne motivere og rettleie elevane, og frigjere tid for læraren.

Hovudspørsmåla Learnlab søker svar på er: Korleis utvikle ein skule der eleven si omgrepsforståing og produksjon dannar grunnlaget for vurdering i større grad? Korleis flytte fokuset frå summativ til formativ vurdering som fremmer elevstemma? Korleis nytte teknologi på ein måte som bidreg til meir lærelyst og motivasjon? 

Frå summativ til formativ vurdering ved bruk av KI

Learnlab nyttar ein KI-driven modul for formativ vurdering som samanfattar, gir eleven tips til vidareutvikling av sitt produkt, og som samtidig legg opp til eigenvurdering og tilbakemelding frå lærar. Tanken er at viss KI nyttast i arbeidet med å dokumentere kompetanse, kan elevane sitt arbeid med kreative, sjølvvalde produksjonar merkast og koplast til læreplanen utan rangerings- og målefokuset. Dette skal gjerast innanfor ramma av et GDPR-sikra område, der elevane nyttar FEIDE til å logge på.  

Det er utvikla semantiske KI-modellar som tar utgangspunkt i kompetansemåla i læreplanen. Desse modellane kan eleven nytte undervegs som grunnlag for forbetring av eigne arbeid, eller som rettleiing undervegs i læringsprosessen. Lærar kan vidare bruke desse modellane som utgangspunkt for ein fagspesifikk tilbakemelding tilpassa den enkelte elev.

Forslag til forbetringar og oppsummering av kompetanse 

I Learnlab får skulen eit verktøy for læringsanalyse i «mi mappe», der all vurderingsinformasjon samlast per elev, sortert i ulike periodar eller terminar. I denne mappa kan både elev og lærar søke opp elevproduksjonar sortert på læreplanmål og dei viktigaste omgrepa i kvart enkelt fag. Dette læremiddelet gjer at elevane sine arbeid, både individuelle og kollektive, kan inngå i konstruktive undervegsvurderingar, og det kan settast ein presis karakter utan summative prøver. 

Learnlab skapar også fagspesifikke forslag til eleven, som kan modererast av lærar. Forslag kan vere forbetringar av eksisterande produkt, oppsummering av den kompetansen eleven har vist, eller oversikt over eleven si forståing av dei sentrale omgrepa i faget. 

Slik fungerer Learnlab KI  

Modellen under viser korleis Learnlab KI tar utgangspunkt i data frå eleven sin produksjon i eitt av dei store økosystema for læring, samt Learnlab sine eigne produksjonsverktøy. Learnlab KI les alle typar filer, lyd, bilete, tekst og video, og koplar dette til mål og omgrep frå læreplanen, for vidare å kunne generere feedback til eleven.  

All tilbakemelding kan lesast opp på dei fleste språk ved bruk av Engasjerande lesar. 

Model of Learnlabs AI module for assessment