Tverrfaglege undervisningsopplegg om berekraftig utvikling.
Her finn du oversikt over ressursane, sortert etter overordna tema:
Målet med denne serien er at elevane skal kunne oppdage og forstå samanhengen mellom økosystema i regnskogane og kva konsekvensar det kan få for oss menneske om avskoginga av regnskogane ikkje vert redusert. Ved å veksle mellom video, informasjon og refleksjonsspørsmål, der elevane kan samarbeide med andre, vert elevane aktivisert til å utvikle eiga forståing.
I denne perioden arbeider me med å få elevane til å kunne sjå samanhengen mellom den aukande drivhuseffekten (global oppvarming) og korleis det kan påverke livet på planeten. Dette er framleis ei av vår tids store globale utfordringar. Gjennom diskusjon og undring vert det lagt opp til å auke forståinga og nysgjerrigheita rundt dette temaet. Opne spørsmål og elevane sitt eige erfaringsgrunnlag står sterkt, men det vert også gjeve ein gradvis informasjon undervegs i opplegget, slik at samanhengen mellom ulike element kjem tydeleg fram. I perioden vert det nytta læringsressursar frå skolerom.no.
I denne perioden kan elevane lære meir om korleis landskap formast og korleis menneskes levekår også er avhengig av fenomen i naturen. I denne perioden nyttast læringsressursar frå skolerom.no.
I denne serien finn du programmeringsoppgåver som skal løysast på nettsida Scratch med blokkprogrammering. Oppgåvene er knytt til tema frå andre seriar, men kan tilpassast andre tema eller kontekstar etter behov. Kvar del er sett saman av ei lærarrettleiing, ein oppstartslab for å skape felles forståing, oppgåve som elevane skal løyse og ei oppsummering eller vurdering i plenum.
Gjennom arbeid med temaet demokrati og medborgarskap skal elevane forstå samanhengen mellom individet sine rettar og plikter. Individa har rett til å delta i politisk arbeid, samtidig som samfunnet er avhengig av at borgarane bruker rettane til politisk deltaking og utforming av det sivile samfunnet. Skulen skal stimulere elevane til å bli aktive medborgarar, og gi dei kompetanse til å delta i vidareutviklinga av demokratiet i Norge. Her finn du ressursar som kan brukast i arbeidet med demokrati og medborgarskap.
Via denne serien får elevane tilgang til eit verktøy som gjer dei i stand til å ta eigne politiske val. Serien består av ein kombinasjon av CoLabs, Storylabs, IdeaLabs og eit oppgåvesett. Serien er bygd med eit ønske om å hjelpe elevane med få ei heilskapleg forståing for korleis det norske politiske systemet fungerer og kvifor det er som det er. Gjennom innhaldet i serien får elevane moglegheit til å sjå samanhengar mellom korleis samfunnet i Noreg er bygd opp og dei konsekvensane det gir for kvar enkelt borgar.
Serien inneheld labs og oppgåver som gjev elevane mogelegheiter, gjennom ulike labs og oppgåver, til å lære om korleis holocaust føregjekk ved å arbeide med informasjon og reflektere i samarbeid med medelevar og lærar. Det vert også trekt parallellar til dagens samfunn i fleire av spørsmåla og oppgåvene.
Denne serien tek for seg ulike delar av den digitale verda vi lever i og kva vi bør tenke på når vi jobbar på internett. Nettvit, digitale spor, kjeldekritikk og personvern er tema i denne serien. Den inneheld m.a. filmar og ein del tema til diskusjon i klassane. Serien kjem også inn på ein del personlege tema som lærar bør tenke gjennom med tanke på elevane sine reaksjonar. Lykke til!
Sjølv om ressursane inneheld tverrfaglege emne som hovudrekning, song og historie, har dei som hovudmål å la elevane reflektere rundt lover, reglar og konfliktar. Ressursane forsøker å legge til rett for aktive elevar på varierande måtar ved å nytte diskusjon, video, matching, spørjeundersøking og biletsky. Nytt gjerne ressursane i samanheng med 8.mai og 17. mai eller anna arbeid som handlar om lover og reglar eller konfliktar.
Den første laben i denne serien har som mål å gjere elevane merksame på korleis hjernen verkar når den tek imot informasjon. Laben legg vekt på korleis hjernen vår vert styrt av automatiserte prosessar og korleis det kan påverke vår oppfatning og forståing av verkelegheita. Dette er spesielt nyttig å kjenne til i høve med kritisk tenking og seier mykje om kvifor refleksjon og kjeldekritikk er nyttig for å redusere manipulasjon. Labane «Den grøne knappen» er trening i å nytte filosofi som verkty. Elevane møter gradvis auka moralske dilemma i ein tenkt situasjon. Ved å sjå kva andre elevar svarar får eleven mogelegheit til å speile eigne tankar og moral opp mot resten av gruppa på anonymt grunnlag.
Kva er det som kjenneteiknar fordomsfulle samfunn og kva er konsekvensane av tidlegare segregeringspolitikk? I denne serien blir elevane kjende med historiske segregeringssamfunn og kampen som er ført, med ulike midlar, for å sikre like rettar for alle. Forståinga for denne arven er avgjerande for å kunne utvikle samfunnet i ei retning der alle menneske er likeverdige, også i praksis.
Folkehelse og livsmeistring som tverrfagleg tema i skulen skal gi elevane kompetanse som fremmer god psykisk og fysisk helse, og som gir mogelegheiter til å ta ansvarlege livsval. I barne- og ungdomsåra er utvikling av et positivt sjølvbilete og ein trygg identitet særleg avgjerande. Aktuelle område innanfor temaet er fysisk og psykisk helse, levevanar, seksualitet og kjønn, rusmiddel, mediebruk, og forbruk og personleg økonomi. Verdival og betydinga av mening i livet, mellommenneskelege relasjonar, å kunne sette grenser og respektere andre sine, og å kunne handtere tankar, følelsar og relasjonar høyrer også heime under dette temaet. Her finn du ressursar som kan brukast i arbeidet med folkehelse og livsmeistring.
Serien tek utgangspunkt i relevante verdiar i LK20. Undervisningsopplegga lar elevane utforske dei ulike verdiane, og dei kan etter kvar verdi velje oppgåver for å gå meir i djupna på omgrepet. Serien er godt eigna for eit engasjement frå Elevrådet. Leiinga på skulen kan også lansere ein ny verdi med jamne mellomrom som utgangspunkt for ei felles satsing for heile skulen.
Kjem snart!
Kva er det som kjenneteiknar fordomsfulle samfunn? Og kva er konsekvensane av tidlegare segregeringspolitikk? I denne serien blir elevane kjent med historiske segregeringssamfunn og kampen som er ført for å sikre like rettar for alle. Forståinga for denne arven er avgjerande for å kunne utvikle samfunnet i ei retning der alle menneske er likeverdige, også i praksis.
Denne serien tek for seg ulike delar av den digitale verda vi lever i og kva vi bør tenke på når vi jobbar på internett. Nettvit, digitale spor, kjeldekritikk og personvern er tema i denne serien. Den inneheld m.a. filmar og ein del tema til diskusjon i klassane. Serien kjem også inn på ein del personlege tema som lærar bør tenke gjennom med tanke på elevane sine reaksjonar. Lykke til!
I denne serien lærer ein meir om kva ein Pandemi er, og kvifor det pågåande Corona-viruset bla. er ein Pandemi. Gjennom oppgåver og refleksjon får elevane høve til å reflektere over korleis dei sjølv kan bidra, kva for grupper som er særleg utsett og kva ein kan “lære” av det som no stenger ned det norske samfunnet. Labane kan gjennomførast som sjølvstendige labs, eller brukast i ein samanheng.
Dette er eit diskusjonsopplegg som leggjer opp til kritisk refleksjon retta mot den aukande medisinbruken blant dagens unge. Kvifor er denne trenden aukande og kva type problemar er medisinar meint for å hjelpe deg med å lause? Kor går grensa for misbruk? Den rettar også eit kritisk blikk mot legemiddelindustrien som tjenar enorme summar på medisinar som for mange blir avhengnadskapende.
I denne perioden får elevar og lærar reflektert rundt seksualitet og reproduktiv helse. Dei ulike labane fokuserer på seksuelle rettar og plikter, samtykke versus overgrep, prevensjon og abort. I tillegg finn du oppgåver som aktiverer elevane. Dei to første labane er utarbeida av Pål Berglund, medan dei andre labane er utarbeida på Borgheim ungdomsskole.
Dette er ein serie om følelsar. I overordna del av læreplanen står det at folkehelse og livsmeistring skal bidra til at elevane utviklar kompetanse som fremmer elevane si helse og gjere dei i stand til å handtere ulike utfordringar i livet. Serien hjelper elevane med å reflektere over og kjenne att eigne og andre sine følelsar.