Læreplanen i norsk seier blant anna at faget skal gi elevane tilgang til kulturens tekstar, sjangrar og språklege mangfald og skal bidra til at dei utviklar språk for å tenke, kommunisere og lære. I denne serien ønsker vi å få fram kjerneelementa gjennom å la elevane lese/lytte til tekstar for å oppleve, bli engasjert, undre seg, lære og få innsikt i andre menneske sine tankar og levesett. På dette alderstrinnet er det viktig å jobbe med meiningsfylte tekstar og aktivitetar som gir elevane moglegheit til å kunne leike, utforske og eksperimentere med språket på kreative måtar. Mange av kompetansemåla i norsk bør sjåast i samanheng med andre fag og knytast til ulike tema, mens denne serien er utarbeida med hovudfokus på læreplanen i norsk. I denne perioden for 1.-2.trinn har vi valt å bygge labane opp med utgangspunkt i kjende dikt/barnesongar og knyte tekstane til ulike språkleikar (rim-setning-ord-stavingar-framlyd-lydering). Kvar lab representerer ein skjønnlitterær tekst gjennom kjende dikt/barnesongar som også kan sjåast opp mot dei tverrfaglege tema.