Mylab brukarrettleiing

Mylab logo

Ofte stilte spørsmål

Mylab er verktøyet for formativ vurdering og administrasjon av læringsarbeid. Ein eller fleire lærarar kan organisere oppgåver og oppdrag til førehandsdefinerte grupper eller klassar. Verktøyet opnar for trygg og enkel kommunikasjon mellom lærar og elev, både på individuelt nivå og klassenivå.

Mylab har eit intuitivt brukargrensesnitt som viser all kommunikasjon mellom lærar og elev, gir god oversikt over oppgåver og er enkelt å bruke.

I Mylab opprettar du som lærar grupper med dine elevar. Du kan også opprette grupper på klassenivå med integrering av data frå Feide.

Du bestemmer kva gruppa skal heite, og kven som er med. Du kan også invitere kollegaer.

I gruppene kan du kommunisere med elevane, dele ut oppgåver og sjå kva elevane leverer inn. Du har god oversikt over korleis dine elevar ligg an med dei ulike oppgåvene, du kan kommunisere individuelt med dei undervegs i prosessen, og gi tilbakemeldingar. Du finn malar for eigenvurdering som du kan dele ut saman med oppgåvene.

Du kan lage ei ny oppgåve på to måtar:

1. Når du er inne på gruppa du vil lage ei oppgåve for, trykker du på pluss-teiknet i venstremenyen ved sidan av gruppenamnet og vel Lag oppgåve.

eller

2. Når du er inne på oversikta over alle oppgåvene du har delt ut, trykker du på pluss-teiknet i venstremenyen ved sida av der det står oppgåver og vel Lag oppgåve.

No kan du gi oppgåva eit namn, ei beskriving, velje kva for type innlevering det er, og kva slags gruppe oppgåva skal delast ut til.

Du kan setje ein tidsfrist om du ønsker det.

Vel du Storylab eller Idealab som oppgåvetype, kan du legge ved dine eigne evalueringsspørsmål til elevane, eller bruke ein av malane som finst i Mylab.

Du opprettar ei ny gruppe ved å gå inn på Grupper i toppmenyen. Når du er inne på oversikten over dine grupper, trykker du på pluss-teiknet i venstremenyen ved sidan av der det står Grupper og vel Lag gruppe.

Du blir med i ei gruppe ved å bli lagt til via Feide, eller ved å taste inn gruppekoden.

For å bli med i gruppe med ein gruppekode, går du inn på Grupper i toppmenyen. Når du er inne på oversikta over dine grupper, trykker du på pluss-teiknet i venstremenyen ved sidan av der det står Grupper, og skriv inn koden på seks bokstavar i feltet der det står Bli med i gruppe med kode.

Når du er inne på gruppa du vil finne koden til, er det ein meny med tre prikkar til høgre for overskrifta i gruppechatten. Trykk på den og vel Rediger gruppe. Vindauget som opnar seg viser gruppekoden i det nedste feltet.

Når du er inne på gruppa du vil finne koden til, er det ein meny med tre prikkar til høgre for overskrifta i gruppechatten. Trykk på den og vel Rediger gruppe. Du kan redigere namn og beskriving på gruppa.

Mylab er kun tilgjengeleg for brukarar med ein lisensavtale. Dersom din arbeidsplass har lisens, og du likevel får denne meldinga, må du kontakte support. Legg ved brukarnamn og påloggingsmetode.

Har du spørsmål om Mi læring?

Mi læring ein ny funksjon i Mylab. I tillegg til å bruke Mylab til å vurdere elevarbeid og kommunisere med elevane dine, kan du no ta i bruk Mi læring for å få meir oversikt over læringsprosessen.

Mi læring er en funksjon i LearnLab sitt økosystem for å gi lærarar og elevar betre innsikt i eigen læringsprosess.

Ved å vurdere ulike påstandar knytt til ulike delar av det å lære,  skapast det ein individuell profil på kvar elev. Profilen kan fortelje oss kven vi er i læringsprosessen, i kva type situasjonar vi lærer best, og kva vi kan gjere for å lære endå betre.

Mi læring er utvikla for bruk på 5. trinn og oppover.

Mi læring hjelper elevane med å reflektere rundt eiga læring. At elevane skal forstå eigne læringsprosessar er eit uttalt mål i overordna del av LK20.

I Mi læring får elevane innsikt i kva arbeidsmåtar dei likar best, og får tips og råd til kva dei kan forbetre. Elevane kan heile tida vurdere påstandane på nytt, som kan føre til stadig refleksjon over eiga læring. Dei får oppdage at det finst mange ulike måtar å lære på, og at det krevst ulike strategiar avhengig av kva ein skal lære.

Min læring genererer ein visuell profil basert på elevane sine preferansar for læring. Elevane vurderer påstandar frå 13 ulike kategoriar. Desse kategoriane baserer seg mellom anna på Howard Gardner sin teori om ulike tilnærmingar til læring.

Etter å ha tatt stilling til påstandane, kan elevane gå til Mi læring for å sjå eit oversiktleg bilete av læringsprofilen sin. Elevane kan når som helst endre svara sine. Som lærar kan ein sjå profilen til enkeltelevar og til heile klassa. Du får eit unikt overblikk som du kan bruke for å tilpasse opplæringa.

Ja!

For at elevane skal kunne ta stilling til påstandane om eiga læring, er det viktig med omgrepsforståing. I Colab finn du undervisningsopplegg knytt til dei 13 kategoriane. Opplegga har korte innføringar til kvar kategori. Undervisningsopplegga i Mi læring inneheld også omgrep frå LK20. Her vil elevane mellom anna vurdere påstandar knytt til kritisk tenking og det å lære å lære.

Finn du ikkje svar på det du leitar etter?

Kontakt oss via e-post, eller skriv til oss på vår Facebook-side