Bli med på gratis kurs i Learnlab!

Vil du lære meir om korleis du kan nytte Learnlab med elevane dine for å skape engasjerande læringserfaringar? Bli med på gratis kurs!

Vi gjennomfører gratis nettkurs i bruk av Learnlab sine verktøy. Kursa varer i ein time, med rom for ekstra rettleiing i etterkant.

Her finn du oversikt over kursa våre, datoar og påmelding: 

Nye kursdatoar kjem

Korleis få elevane meir engasjert i di undervisning?

I dette kurset vil du lære korleis du kan bruke Learnlab i undervisninga for å engasjere elevane, og senke terskelen for deltaking i alle elevgrupper. Ved bruk av Learnlab kan du få fram elevstemma – også hos elevar som kan ha utfordringar med å bidra.

Du får ei innføring i korleis du kan bruke mellom anna ordsky og opne oppgåver, som grunnlag for kollektiv utforsking av faglege omgrep.

Kurset vil vere ein kombinasjon av innføring i bruk, og at du sjølv får prøve deg på å lage undervisningsopplegg i Learnlab.

Påmelding:

Korleis tilpasse opplæring slik at elevane dine får fleire moglegheiter til å vise kompetanse sin?

I dette kurset vil du lære ulike metodar og verktøy i Learnlab som gjer det enkelt for elevane å vise sin kompetanse gjennom å lage video, tankekart, podkast, samansette tekstar med meir.

Her vil du lære korleis du kan jobbe med elevaktive produksjonsverktøy som kan vere ein del av vurderinga.

Kurset vil vere ein kombinasjon av innføring i bruk, og at du sjølv får prøve deg på å lage undervisningsopplegg i Learnlab.

Påmelding:

Nye datoar for kurs kjem i veke 9

Gratis inspirasjonskveld i Learnlab sine lokale:

Korleis kan vi dra nytte av kunstig intelligens i undervisninga?

Bli med på ein sosial inspirasjonskveld i våre lokale i Kristian IVs gate 13 i Oslo!

Dagen vil bli leia av Learnlab sin produktsjef, Erlend Kobro, som vil dele sine erfaringar om kunstig intelligens og framtidas læring.

Som eit resultat av teknologiske framsteg i raskt tempo, presenterer kunstig intelligens (AI) nye utfordringar for skulen. Denne kvelden vil du få eit innblikk i moglegheitene som AI gir deg som lærar, og korleis dette kan nyttast i undervisninga. Programmet vil starte med ein introduksjon til spennande AI-tenester, praktiske eksempel og ein workshop med øvingar der du vil få rettleiing i bruk av ulike AI-verktøy som kan vere relevante å bruke i skulekvardagen. Vi ser på Learnlab sine eigne verktøy, korleis vi i dag brukar kunstig intelligens, og diskuterer kva Learnlab vil kunne tilby i framtida.

Påmelding:

Sjå opptak av våre kurs

Her finn du opptak av tidlegare kurs.

Dette er eit opptak av eit digitalt kurs frå 08.02.2023. I dette kurset vil du lære korleis du kan bruke Learnlab i undervisninga for å engasjere elevane og senke terskelen for deltaking i alle elevgrupper. Ved bruk av Learnlab kan du få fram elevstemma – også hos elevar som kan ha utfordringar med å bidra. Du vil få ei innføring i korleis du kan bruke mellom anna ordsky og opne oppgåver som grunnlag for kollektiv utforsking av faglege omgrep. Kurset vil vere ein kombinasjon av innføring i bruk, og at du sjølv får prøve deg på å lage undervisningsopplegg i Learnlab.

På kurset vil du lære å lage og presentere dine eigne Colabar med digitale interaksjonar. Kurset inkluderer ein guida tur i biblioteket, der du vil lære å søke etter relevante undervisningsopplegg og andre digitale ressursar, kopiere dei til din eigen brukar, og redigere dei tilpassa lokale forhold.

Lenke til andre opptak:

Opptak frå 31.08.2022

Opptak frå 16.08.2022

Opptak frå 17.01.2022

I kurset vil du lære å bruke Storylab og Idealab saman med elevane dine. Du vil lære om korleis du kan bruke multimodale historier og tankekart i undervisninga, og korleis du kan finne Storylabar og Idealabar i biblioteket.

Lenke til andre opptak:

Opptak frå 17.08.2022

Opptak frå 18.01.2022

Her lærer du å bruke Mylab til å gi elevane oppgåver, følge dei opp, og gjennomføre formativ vurdering. På kurset vil du også lære om korleis elevane kan gjennomføre eigenvurdering i Mylab. Det er ein fordel om deltakarane på dette kurset har vore med på dei to andre kursa, eller er kjent med Colab, Storylab og Idealab frå før.

Lenke til andre opptak:

Opptak frå 05.09.2022

Opptak frå 20.01.2022