Samfunnsfag

Her finn du oversikt over ressursane, sortert etter overordna tema:

Samfunnskritisk tenking og samanhengar

I dette temaet blir elevane trena til å oppdage samanhengar mellom det geografiske, historiske og det som skjer i notida. Elevane analyserer korleis makt og maktrelasjonar påverkar samfunnet. Dette inneber at elevane skal kunne undre seg, reflektere omkring og vurdere korleis kunnskap om samfunn blir til.

Den første laben i denne serien har som mål å gjere elevane merksame på korleis hjernen verkar når den tek imot informasjon. Laben legg vekt på korleis hjernen vår vert styrt av automatiserte prosessar og korleis det kan påverke vår oppfatning og forståing av verkelegheita. Dette er spesielt nyttig å kjenne til i høve med kritisk tenking og seier mykje om kvifor refleksjon og kjeldekritikk er nyttig for å redusere manipulasjon. Labane «Den grøne knappen» er trening i å nytte filosofi som verkty. Elevane møter gradvis auka moralske dilemma i ein tenkt situasjon. Ved å sjå kva andre elevar svarar får eleven mogelegheit til å speile eigne tankar og moral opp mot resten av gruppa på anonymt grunnlag.Illustrasjonsbilde som viser de ulike innholdselementene i serien.

Sjå denne ressursen i biblioteket

I denne tverrfaglege serien i norsk, samfunnsfag og KRLE får elevane eit innblikk i tidleg demokrati det norrøne tinget og vikingars verdiar. Elevane møter utdrag frå Håvamål som kan appellere til dei. Til tross for at dette er nedskrive for ca. 1000 år sidan, i ei helt anna samtid, er ein del av råda like aktuelle i dag.Illustrasjonsbilde som viser de ulike innholdselementene i serien.

Sjå denne ressursen i biblioteket

I desse ressursane møter elevane refleksjonsspørsmål, lyd og videoar undervegs som handlar om både kjensler og andre menneske sine perspektiv. Sjølv om ressursane inneheld tverrfaglege emne som hovudrekning, song og historie, har dei som hovudmål å la elevane reflektere rundt lover, reglar og konfliktar. Ressursane forsøker å legge til rett for aktive elevar på varierande måtar ved å nytte diskusjon, video, matching, spørjeundersøking og biletsky. Nytt gjerne ressursane i samanheng med 8.mai og 17. mai, eller knytt dei til anna arbeid som handlar om demokratiet i Noreg eller temaet 2. verdskrig. Det er også oppgåver som kan nyttast for å gå i djupna på temaet.Illustrasjonsbilde som viser de ulike innholdselementene i serien.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Kva er det som kjenneteiknar fordomsfulle samfunn og kva er konsekvensane av tidlegare segregeringspolitikk? I denne serien blir elevane kjende med historiske segregeringssamfunn og kampen som er ført, med ulike midlar, for å sikre like rettar for alle. Forståinga for denne arven er avgjerande for å kunne utvikle samfunnet i ei retning der alle menneske er likeverdige, også i praksis.Illustrasjonsbilde som viser de ulike innholdselementene i serien.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Serien inneheld labs og oppgåver som gjev elevane mogelegheiter, gjennom ulike labs og oppgåver, til å lære om korleis holocaust føregjekk ved å arbeide med informasjon og reflektere i samarbeid med medelevar og lærar. Det vert også trekt parallellar til dagens samfunn i fleire av spørsmåla og oppgåvene.Illustrasjonsbilde som viser de ulike innholdselementene i serien.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Kjem snart!

Demokratiforståing og deltaking

I dette temaet får elevane innsikt i skilnadane mellom land når det kjem til styresett og ivaretaking av menneskerettar. Dei får hjelp til å oppdage kvifor konfliktar har oppstått og oppstår. Dette inneber at elevane skal kunne undre seg, reflektere omkring og vurdere korleis kunnskap om demokratiforståing og deltaking blir til.

Denne serien tek for seg terrorhendingane 22. juli 2011 og ser på kva konsekvensar det fekk for samfunnet vårt. Innhaldet er tilpassa for å hjelpe elevane med oppdage samanhengar.Illustrasjonsbilde som viser de ulike innholdselementene i serien.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Via denne serien får elevane tilgang til eit verktøy som gjer dei i stand til å ta eigne politiske val. Serien består av ein kombinasjon av CoLabs, Storylabs, IdeaLabs og eit oppgåvesett. Serien er bygd med eit ønske om å hjelpe elevane med få ei heilskapleg forståing for korleis det norske politiske systemet fungerer og kvifor det er som det er. Gjennom innhaldet i serien får elevane moglegheit til å sjå samanhengar mellom korleis samfunnet i Noreg er bygd opp og dei konsekvensane det gir for kvar enkelt borgar.Illustrasjonsbilde som viser de ulike innholdselementene i serien.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Denne serien tar for seg ulike sider av fredsprisen, frå populære og omdiskuterte vinnarar til avgjerande augneblink i historia, som har innverknad på vårt liv i dag. Nokre utvalde vinnarar blir belyst frå ulike perspektiv. Det blir trekt linjer frå krigshistoria og krigen sin vondskap fram til dagens globale samfunnsutfordringar.Illustrasjonsbilde som viser de ulike innholdselementene i serien.

Sjå denne ressursen i biblioteket

I denne perioden går me i djupna på konfliktar i Midt-Austen. Labane har mange opne spørsmål og oppgåver som aktiverer elevane, stimulerer til sjølvrefleksjon og kritisk tenking samstundes som det vert lagt til rette for læring for både lærar og elev. Det fins fleire fordjupingsoppgåver som elevane kan arbeide med, anten aleine eller i små grupper. Perioden startar med ein lab der lærar og elevar saman utforskar omgrepet krig og krigens folkerett. Forfattar: Nicholas Lindhjem, Borgheim ungdomsskole.Illustrasjonsbilde som viser de ulike innholdselementene i serien.

Sjå denne ressursen i biblioteket

I denne serien utforskar me fenomenet terrorisme. Den startar med litt assosiasjonar og grunnleggjande omgrep før den ber deltakarane reflektere rundt spørsmål som “ein manns terrorist er ein annan manns fridomskjempar” og kva som driv menneske til å bli med i terrorgrupper og utføre terrorhandlingar. Forfattar: Nicholas Lindhjem, Borgheim ungdomsskole.Illustrasjonsbilde som viser de ulike innholdselementene i serien.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Berekraftige samfunn

Dette temaet handlar om korleis ressursane er fordelt i ulike samfunn. Elevane blir trena i å forstå korleis endringar i fortid og notid påverkar kor berekraftig ulike samfunn er. Dette inneber at elevane skal kunne undre seg, reflektere omkring og vurdere korleis kunnskap om berekraftige samfunn blir til.

Tverrfaglege undervisningsopplegg om berekraftig utvikling.Illustrasjonsbilde som viser de ulike innholdselementene i serien.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Denne serien handlar om økonomi frå mikro til makro. Den startar i det nære med privat- og familieøkonomi, før perspektivet vert utvida til skattesystemet, nasjonalbudsjettet og velferdsstaten. Avslutningsvis vert global økonomi tematisert med fokus på IT-gigantane og internasjonal delingsøkonomi.Illustrasjonsbilde som viser de ulike innholdselementene i serien.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Illustrasjonsbilde som viser de ulike innholdselementene i serien.
 

Sjå denne ressursen i biblioteket

Identitetsutvikling og fellesskap

I dette temaet arbeider elevane med å forstå kvifor menneska søker saman i samfunn og korleis identitetsutvikling og fellesskap blir påverka av geografiske, historiske og notidige forhold. Dette inneber at elevane skal kunne undre seg, reflektere omkring og vurdere korleis kunnskap om identitetsutvikling og fellesskap blir til.

Serien tek utgangspunkt i relevante verdiar i LK20. Undervisningsopplegga lar elevane utforske dei ulike verdiane, og dei kan etter kvar verdi velje oppgåver for å gå meir i djupna på omgrepet. Serien er godt eigna for eit engasjement frå Elevrådet. Leiinga på skulen kan også lansere ein ny verdi med jamne mellomrom som utgangspunkt for ei felles satsing for heile skulen.Illustrasjonsbilde som viser de ulike innholdselementene i serien.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Noreg er eit av verdas mest likestilte land. Betyr det at alle i Noreg har like rettar og moglegheiter i samfunnet? I oktober 2017 starta kampanjen MeToo i sosiale medium …

Illustrasjonsbilde som viser de ulike innholdselementene i serien.

Sjå denne ressursen i biblioteket

 

Alle som bur i Noreg skal ha like moglegheiter, uavhengig av etnisk bakgrunn. Er det slik i Noreg? Vi ser på historiske hendingar i Noreg og USA, og samanliknar dei med dagens samfunn.

Illustrasjonsbilde som viser de ulike innholdselementene i serien.

Sjå denne ressursen i biblioteket

 

Illustrasjonsbilde som viser de ulike innholdselementene i serien.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Denne serien tek for seg ulike delar av den digitale verda vi lever i og kva vi bør tenke på når vi jobbar på internett. Nettvit, digitale spor, kjeldekritikk og personvern er tema i denne serien. Den inneheld m.a. filmar og ein del tema til diskusjon i klassane. Serien kjem også inn på ein del personlege tema som lærar bør tenke gjennom med tanke på elevane sine reaksjonar. Lykke til!Illustrasjonsbilde som viser de ulike innholdselementene i serien.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Dette er ein serie om følelsar. I overordna del av læreplanen står det at folkehelse og livsmeistring skal bidra til at elevane utviklar kompetanse  som fremmer elevane si helse og gjere dei i stand til å handtere ulike utfordringar i livet. Serien hjelper elevane med å reflektere over og kjenne att eigne og andre sine følelsar.Illustrasjonsbilde som viser de ulike innholdselementene i serien.

Sjå denne ressursen i biblioteket