Norsk

Her finn du oversikt over ressursane, sortert etter overordna tema:

Utforske og formidle tekst

Elevane blir kjent med skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål, nynorsk og i ulike omsetjingar. Elevane reflekterer over teksten sitt formål, innhald, sjangertrekk og verkemiddel. Gjennom dette arbeidet skal elevane bruke kjelder kritisk og kunne vise til kjelder på ein korrekt måte.

Her finn du læringsøkter kor elevane får lese og reflektere rundt ulike litterære tekstar. Fokuset er på at elevane skal oppleve, bli engasjerte, undre seg og lære. I nokre laber er fokuset på ulike sider ved litteraturen, som djupdykk i temaa elevane kan relatere seg til og reflektere rundt. Nokre labar grip fatt i tekstane sitt formål, innhald og verkemiddel. Andre har større fokus på teksten sin historiske kontekst og eiga samtid. Tekstutvalet er med eit dels kulturhistorisk, dels globalt perspektiv. Labane i denne serien har mange «opne rom» for vidare diskusjon, samtale og assosiasjonar som er viktige å gripe i augeblinken.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Her finn du læringsressursar som presenterer og utforskar ulike sjangrar, der det vert brukt ulike innfallsvinklar for refleksjon og samarbeid. Det fins varierte skriftlege og munnlege oppgåver knytt til labane, og det fins forslag til tverrfagleg arbeid.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Her finn du læringsøkter og tilhøyrande oppgåver kor elevane får reflektere og utforske ulike sider ved kritisk lesing, som retorikk og retoriske verkemiddel. Gjennom ei utforskande og kritisk tilnærming til språk og tekst kan elevane bli betre rusta til å delta i samfunnet. Ved å trene på å kjenne att retoriske verkemiddel i fleire samanhengar får elevane større moglegheit til å avsløre korleis desse appellformene blir brukt aktivt for å påverke dei, som for eksempel i politikk, reklame, media. Elevane får eit verktøy til å navigere seg gjennom informasjonsstraumen dei dagleg møter i ulike former.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Språkleg mangfald

I dette temaet får elevane lytte til og lese tekstar på svensk og dansk og gjere greie for innhald og språklege trekk. Elevane får også reflektere over statusen til dei offisielle språka i Noreg i dag. dei reflekterer over samanhengen mellom språk og identitet og dei får innblikk i tekstar frå det samiske språket.

I denne serien vert elevane utfordra til å utforske den historiske bakgrunnen til språksituasjonen i dag, til å få eit større perspektiv på språksituasjonen i dag og kunne setje seg inn i begge sider av språkdebatten som framleis går. I dag er det ein annan debatt som er like relevant; kor berekraftig er det norske språket?

Sjå denne ressursen i biblioteket

I denne tverrfaglege serien i norsk, samfunnsfag og KRLE får elevane eit innblikk i tidleg demokrati det norrøne tinget og vikingars verdiar. Elevane møter utdrag frå Håvamål som kan appellere til dei. Til tross for at dette er nedskrive for ca. 1000 år sidan, i ei helt anna samtid, er ein del av råda like aktuelle i dag.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Her finn du ein elevaktiv og variert introduksjon av dei nordiske språka. Elevane får reflektere over likskapar og forskjellar mellom dei ulike språka og utforske språksituasjonen i dei nordiske landa.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Læringsressursane i denne perioden tek utgangspunkt i dei samiske språka som utgangspunkt for refleksjon rundt identitet og mangfald. Elevane får reflektere over sine eigne haldningar til språk og talemålsvariantar, og rundt sin eigen identitet på ulike måtar. Elevane får reflektere og argumentere skriftleg og munnleg. I lab 2 får elevane reflektere over konsekvensar av fornorskingspolitikk, samtidig som dette er ein del av eit større bilete av kva språket tyder for identiteten. I lab 3 tolkar elevane tre tekster av ein samisk forfattar, Risten Sokki. Elevane reflekterer rundt dei samiske verdiane som kjem til uttrykk i tekstane og tekstane sitt formål, innhald og verkemiddel. Forslag til oppgåver fins i ein eigen ressurs. Forfattar: Ingrid Bjørnnes.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Litteraturhistorie

Samfunnet blir spegla av litteraturen. Her får elevane mogelegheiter til å utforske dei ulike litteraturhistoriske periodane, frå norrøn tid og framover.

Dette er ein serie om den norrøne tida innen litteraturhistoria. Det er eit fokus på eit stort bilete av perioden, der omgrep, norrøne gudar, skriftspråk og litteratur vert utforska. Elevane får brukt fleire ulike dugleikar, og serien dekker fleire kompetansemål. Serien inneheld også ulike oppgåver, samt forslag til vurdering.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Dette er ein serie om renessanse og folkediktning innan litteraturhistoria. Det er eit fokus på eit heilt bilete av perioden, der omgrep, samfunn og samfunnsendringar, dansk-norsk språk og litteratur og renessansekunst vert utforska. Elevane får brukt mange ulike dugleikar, og serien dekkar mange kompetansemål. Serien inneheld også ulike oppgåver, og forslag til vurdering etterpå.

Sjå denne ressursen i biblioteket

I denne serien får elevane utforske den litteraturhistoriske perioden barokken, og får sjå 1600-talet frå fleire ulike sider. Samfunnet formar litteraturen, og her ser vi på salmediktning, vitskap, kristendom og målarkunst.

Sjå denne ressursen i biblioteket

I denne serien får elevane utforske den litteraturhistoriske perioden opplysningstida, og får se 1700-talet frå fleire ulike sider. Dei får utforske ei konfliktfylt tid, men får også utforske hugen for oppdaging, samfunnsformane som vart etablert og den kjente forfattaren Ludvig Holberg.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Romantikken er ein stor og innhaldsrik periode, og kvar lab tek føre seg eit spesifikt aspekt av perioden. Kvar lab i serien er rekna på ca. ei undervisningsøkt kvar, men bruk gjerne meir tid om diskusjonen er god i klasserommet. Tidsbruken er ikkje skrive i stein her. Forfattar: Kjetil Østebøvik.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Dette er ein serie om den litteraturhistoriske perioden realismen i 5 delar, med tilhøyrande oppgåve og vurdering. Del 1 og 2 er omgrepsinnlæring og innføring i perioden. Del 3, 4 og 5 er vandringar i utvalde tekstar frå perioden. Til saman, er dette eit djupdykk i litteraturen der elevane får brukt eit variert spekter av ferdigheiter.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Skriving av ulike tekstar

Tekst

Sjå denne ressursen i biblioteket