Samfunnsfag
Her finn du oversikt over ressursane, sortert etter overordna tema:
Samfunnskritisk tenking og samanhengar
I dette temaet blir elevane trena til å oppdage samanhengar mellom det geografiske, historiske og det som skjer i notida. Elevane analyserer korleis makt og maktrelasjonar påverkar samfunnet. Dette inneber at elevane skal kunne undre seg, reflektere omkring og vurdere korleis kunnskap om samfunn blir til.Dette er ein serie der elevane gjennom bileter, tekst, video, hypotesar og diskusjon får mogelegheiten til å samanlikne eiga erfaringsgrunnlag opp mot gruppas forståing av tidlege historiske periodar. Det er lagt opp til noko tverrfagleg med geografi og naturfag. Læraren får rask tilbakemelding på elevanes forståingsnivå og det leggjast opp til aukt forståing for nokon sentrale element i dei ulike periodane. Oppfølgingsspørsmål frå lærar står difor sentralt. Dette er store tidsepokar der lærar, gjerne saman med elevane, kan velje ut eigne tema for siden å gå ytterlegare i djupna på dei. Ver merksam på at tidsperiodane varierar frå område til område. 4-7 trinn.
Denne serien handlar om Romarrikets betydning for samfunnet før og no. Elevane vil, med rettleiing frå lærar, kunne oppdage historiske samanhengar, samt trekke parallellar til notida. Innhaldet gir stort rom for å arbeide tverrfagleg.
Om dei viktigaste hendingane i mellomalderen som pregar vår tid. Serien inneheld alt frå lesestoff og videoar til utforskande oppgåver.
Sjølv om ressursane inneheld tverrfaglege emne som hovudrekning, song og historie, har dei som hovudmål å la elevane reflektere rundt lover, reglar og konfliktar. Ressursane forsøker å legge til rett for aktive elevar på varierande måtar ved å nytte diskusjon, video, matching, spørjeundersøking og biletsky. Nytt gjerne ressursane i samanheng med 8.mai og 17. mai eller anna arbeid som handlar om lover og reglar eller konfliktar.
Demokratiforståing og deltaking
I dette temaet får elevane innsikt i skilnadane mellom land når det kjem til styresett og ivaretaking av menneskerettar. Dei får hjelp til å oppdage kvifor konfliktar har oppstått og oppstår. Dette inneber at elevane skal kunne undre seg, reflektere omkring og vurdere korleis kunnskap om demokratiforståing og deltaking blir til.Opplegget tek sikte på innlæring av omgrepet: “Samfunn”. Opplegga kan gjennomførast på fleire måtar, men forfattar anbefaler små grupper på 2-3 elevar per eining. Samtale, diskusjon og refleksjon i fellesskap fremjar læring og interesse. God klasseleiing er ei sjølvfølge. Serien består av fleire labs som kan brukast saman, eller kvar for seg.
Berekraftige samfunn
Dette temaet handlar om korleis ressursane er fordelt i ulike samfunn. Elevane blir trena i å forstå korleis endringar i fortid og notid påverkar kor berekraftig ulike samfunn er. Dette inneber at elevane skal kunne undre seg, reflektere omkring og vurdere korleis kunnskap om berekraftige samfunn blir til.Identitetsutvikling og fellesskap
I dette temaet arbeider elevane med å forstå kvifor menneska søker saman i samfunn og korleis identitetsutvikling og fellesskap blir påverka av geografiske, historiske og notidige forhold. Dette inneber at elevane skal kunne undre seg, reflektere omkring og vurdere korleis kunnskap om identitetsutvikling og fellesskap blir til.Kva er vennskap? Labane inneheld dilemma og spørsmål som aukar gradvis i vanskegrad. Elevane blir utfordra på eigen språkbruk og eigne og andre sine handlingar som kan oppfattast som mobbing. Inkludering er eit sentralt omgrep, og i siste lab blir dette sett i lys av moralske handlingar. Serien består av fire labar som bygger på kvarandre, men dei kan også nyttast kvar for seg.
Her finn du ressursar om det samiske urfolket, fagstoff om minoritetar i Noreg, urfolket og minoritetane sine rettar og forfølging av minoritetar. I lærarrettleiinga får du tips til gjennomføring av labane, samt ei oversikt over kor du kan finne meir informasjon om samane som urfolk og dei norske minoritetane.