Naturfag

Her finn du oversikt over ressursane, sortert etter overordna tema:

Jorda og livet på jorda

I dette temaet får elevane ei grunnleggande forståing for korleis jorda er danna, og korleis livet på jorda har utvikla seg. På den måten får elevane eit grunnlag for å kunne ta berekraftige val.

Ressursane har som mål å utvikle elevane si forståing for at dyr er ulike og at dei kan klassifiserast. Då er det viktig å kjenne til omgrepa art, virveldyr, virvellause dyr, samt livssyklusar. Dette er igjen viktig for å kunne utvikle ei djupare forståing for kva biologisk mangfald inneber på seinare alderstrinn, og kva menneske må gjere for ta vare på mangfaldet.Illustrasjonsbilde som viser de ulike innholdselementene i serien.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Energi og materie

I dette temaet lærer elevane om teoriar, lover og modeller for energi, stoff og partiklar som kan forklare vår fysiske verd.

Lær om energi og dei tre faseovergangane i partikkelmodellen.Illustrasjonsbilde som viser de ulike innholdselementene i serien.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Elevane får ei grunnleggande innføring i fenomena elektrisitet og magnetisme, før dei får moglegheita til å utvikle eiga føreforståing og oppdage nye samanhengar ved å arbeide med ulike StoryLabar, IdeaLabar og undersøkingar. Seriebiletet er henta frå Adobe Stock.Illustrasjonsbilde som viser de ulike innholdselementene i serien.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Kropp og helse

I dette temaet lærer elevane om korleis kroppen sine system verkar saman. Dei blir motivert til å ta vare på si eiga helse.

Denne serien handlar om kroppen sine system og er meint å gi elevane eit godt grunnlag for å kunne oppdage kroppen sine system, samt ein lab om endringane som skjer i kroppen i forbindelse med puberteten. For å kunne oppnå djupare læring anbefaler vi at gruppa går gjennom alle labane i serien. Sjå også serien om kroppen for 3-4, som handlar om skjelettet og musklane.Illustrasjonsbilde som viser de ulike innholdselementene i serien.

Sjå denne ressursen i biblioteket

I denne serien lærer ein meir om kva ein Pandemi er, og kvifor det pågåande Corona-viruset bla. er ein Pandemi. Gjennom oppgåver og refleksjon får elevane høve til å reflektere over korleis dei sjølv kan bidra, kva for grupper som er særleg utsett og kva ein kan “lære” av det som no stenger ned det norske samfunnet. Labane kan gjennomførast som sjølvstendige labs, eller brukast i ein samanheng.Illustrasjonsbilde som viser de ulike innholdselementene i serien.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Naturvitskaplege praksisar og tenkemåtar

I dette temaet blir det lagt til rette for praktisk og utforskande arbeid gjennom forskjellige labs som på ulike måtar hjelper elevane å oppdage verda omkring seg sett i naturvitskaplege perspektiv.

Denne serien tek for seg verdsrommet og ulik forsking som har blitt gjort her. Den eine laben handlar om planetane i solsystemet og kan brukast som eit utgangspunkt til vidare arbeid i klassa. Dei to andre labane er om forskaren Stephen Hawking og forskinga hans på mellom anna “Kva er eit svart hol” ? Labane kan brukast samla i eit tema, eller enkeltvis.Illustrasjonsbilde som viser de ulike innholdselementene i serien.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Denne serien innheld ein rekke labs som kvar for seg ser på naturfaglege fenomen frå eit vitskapleg perspektiv.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Teknologi

I dette temaet trenar elevane på å forstå, skape og bruke teknologi. Det blir vektlagt å stimulere elevane til å tenke kreativt og nyskapande.

I denne serien finn du programmeringsoppgåver som ein løyser på nettsida Scratch med blokkprogrammering. Oppgåvene er knytt til tema frå andre seriar, men kan tilpassast andre tema eller kontekstar etter behov. Kvar del er sett saman av ei lærarrettleiing, ein oppstartslab for å skape felles forståing, oppgåve som elevane skal løyse og ei oppsummering eller vurdering i plenum.Illustrasjonsbilde som viser de ulike innholdselementene i serien.

Sjå denne ressursen i biblioteket