Norsk

Her finn du oversikt over ressursane, sortert etter overordna tema:

Utforske og formidle tekst

Her blir elevane tatt med på ein morosam reise i ulike sjangrar. Seriane ønsker å motivere, engasjere og gi elevane leseglede. I serien “Vår eventyrlege verd” blir elevane kjent med sjangeren eventyr. I serien ” Vi les verda” møter elevane forteljingar frå ulike land. I serien «Glade songar og gøyale fakta» møter elevane ulike songar og faktatekster. Den andre leseopplæringa dreier seg om å lære å lese mellom linjene, tolke, vurdere, samt finne informasjon i tekst. Dette er grunnleggande leseferdigheiter, slik at elevane skal få fullt utbytte av sitt liv i tekstane sin verd.

Dei norske folkeeventyra er samla inn frå bondemiljø på 1700- og 1800- tallet. Mange oppstod i mellomalderen, og nokon har opphav i fjerne land, men har blitt endra og tilpassa lokale forhold. Å undervise med utgangspunkt i eventyr bidreg til å bevare kulturarven vår. Sjangeren eventyr er ein motiverande og morosam innfallsvinkel knytt til læreplanen i norsk, der vi skal utforske og formidle tekst. Eventyr gir elevane mogelegheiter for fantasi og skaparevne, samtidig som eventyra er fulle av allmenngyldige levereglar og menneskekunnskap og kan vere grunnlag for gode samtalar.Illustrasjonsbilde som viser de ulike innholdselementene i serien.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Gjennom arbeid med faget norsk skal elevane bli trygge språkbrukarar og bevisste på sin eigen språklege og kulturelle identitet innanfor eit inkluderande fellesskap der fleirspråklegheit blir verdsett som ein ressurs. I denne serien har vi valt ut forteljingar frå forskjellige verdsdelar. Elevane får bli kjent med ulike land, språk og skriftspråk. Serien legg også opp til at de skal verdsette og framheve ulike kulturar og land klassen presenterer. Gjennom dei elevaktive stega må elevane lese teksten fleire gonger og gå i djupna av både teksten sitt innhald og system.Illustrasjonsbilde som viser de ulike innholdselementene i serien.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Serien “Utforske og formidle tekst” tar elevane med på ein morosam reise i ulike sjangrar. Serien ønsker å motivere, engasjere og gi elevane leseglede. Serien er delt i to hovuddelar: “Vår eventyrlege verd” der elevane blir kjent med sjangeren eventyr og serien “Ulike sjangrar” der dei møter ulike forteljngar, songar og faktatekstar. Hovudmålet er den andre leseopplæringa, lære å lese mellom linjene, tolke, vurdere, hente info fra tekst. Altså grunnleggande lesedugleikar for at born og unge skal få fullt utbytte av sitt liv i tekstane si verd.Illustrasjonsbilde som viser de ulike innholdselementene i serien.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Språkleg mangfald

Her får elevane moglegheiter til å utforske skriftspråka våre, og om likskapar og skilnadar på bokmål og nynorsk. Elevane får lære om dialektene sitt opphav og korleis talespråket heile tida er i endring.

Her får elevane moglegheit til å utforske skriftspråka våre, og om likskapar og forskjellar på bokmål og nynorsk. Elevane får lære om korleis dialektane oppstod og korleis talespråket heile tida er i endring.Illustrasjonsbilde som viser de ulike innholdselementene i serien.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Grammatikk

Her finn du spennande opplegg som kan brukast til ein systematisk gjennomgang av dei tre ordklassane adjektiv, verb og substantiv.

Kjem snart!

Kjem snart!

Kjem snart!

Språkopplæring

Disse seriane bygger vidare på innhaldet i seriane «Grunnleggande språkopplæring 1 og 2», som ligg under 1. og 2.trinn. Bruk gjerne dei seriane som repetisjon for å sikre god progresjon. Her på 3. og 4.trinn er temaet delt i to seriar med fokus på stor forbokstav, setningar, rettskriving og teiknsetjing.

Illustrasjonsbilde som viser de ulike innholdselementene i serien.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Sjå denne ressursen i biblioteket

Her er ein serie om nokre av dei samansette grafema i det norske skriftspråket. Denne serien gir elevane ei djupare forståing for sjølve lyden det terpast på slik at det skal bli enklare for elevane å lese desse lydane, men også skrive dei riktig.

Illustrasjonsbilde som viser de ulike innholdselementene i serien.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Dette er ein serie innan språklære om synonym, antonym og homonym. Denne serien er med på å utvide ordforrådet til elevane slik at dei kan uttrykke seg meir presist.

Illustrasjonsbilde som viser de ulike innholdselementene i serien.

 

Sjå denne ressursen i biblioteket