Naturfag

Her finn du oversikt over ressursane, sortert etter overordna tema:

Jorda og livet på jorda

I dette temaet får elevane ein grunnleggande forståing for korleis jorda er danna, og korleis livet på jorda har utvikla seg. På den måten gis elevane et grunnlag for å kunne ta berekraftige val.

Dette er ein serie om årstidene. Labane er laga for å gi elevane ei forståing for kva årstider vi har, korleis dei delast inn og sentrale kjenneteikn ved årstidene. Labane fortel om kva feriar, høgtider og liknande som er knytt til dei ulike årstidene. Vidare skal dei forklare korleis dei ulike årstidene opplevast for dyr og plantar, og kva konsekvensar dei ulike forandringane i vêret kan få for begge grupper. Labane bidreg på denne måten til m.a. å dekke følgande kompetansemål i naturfag for 2. trinn: «Oppleve naturen til ulike årstider, reflektere over korleis naturen er i endring, og kvifor året delast inn på ulike måtar i norsk og samisk tradisjon». Oppgåvelaben kan brukast saman med elevane som ein repetisjon etter dei fire labane om årstidene. Her med fokus på kompetansemål i norsk.Illustrasjonsbilde som viser de ulike innholdselementene i serien.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Utforsk ulike dyr i Noreg og kva som kjenneteiknar dei.Illustrasjonsbilde som viser de ulike innholdselementene i serien.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Energi og materie

I dette temaet lærer elevane om teoriar, lover og modeller for energi, stoff og partiklar som kan forklare vår fysiske verd.

Undervisningsopplegg for 1.-2.trinn, der elevane i samarbeid utforskar naturressursar. Serien består av ulike labs som bla. tek føre seg jordbruk og korleis/kvifor me utnyttar avføring til gjødsel. Labane kan brukast aleine eller samla – også saman med serien VANNvittig viktig.Illustrasjonsbilde som viser de ulike innholdselementene i serien.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Undervisningsopplegg for 1.-2.trinn, der elevane i samarbeid utforskar vatn som ressurs på jordkloden vår. Serien består av tre labar som bygger på kvarandre, men dei kan også nyttast kvar for seg.Illustrasjonsbilde som viser de ulike innholdselementene i serien.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Kropp og helse

I dette temaet lærer elevane om korleis kroppens system verkar saman. Dei blir motivert til å ta vare på sin eigen helse.

Dette er ein serie om dei fem sansane. Først finn du ein kort LæringsLab der elevane får ein liten innføring i dei fem sansane. Deretter finn du ein meir utfyllande LæringsLab til kvar av sansane. Desse er lærerike og har mange oppgåver både digitalt og praktisk. Det ligg også StoryLabs og IdeaLabs knytt til tema.Illustrasjonsbilde som viser de ulike innholdselementene i serien.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Her lærer elevane om vanlege smittsame sjukdommar, som forkjøling, influensa, vasskoppar og omgangssjuke. Dei lærer om godt smittevern og samtalar om korleis dei kan førebygge smitte. Vaksine og immunitet vert presentert i samband med barnesjukdommane.Illustrasjonsbilde som viser de ulike innholdselementene i serien.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Naturvitskaplege praksisar og tenkemåtar

I dette temaet blir det lagt til rette for praktisk og utforskande arbeid gjennom forskjellige labs som på ulike måtar hjelper elevane å oppdage verda omkring seg sett i naturvitskapleg perspektiv.

EG UNDRAR MEG er ein serie inspirert av nysgjerrigpermetoden som passar godt til undervisning i skulekvardagen. Serien er laga for undring og refleksjon sett med barn sine auge, og stimulerer til aktiv deltaking og djupare læring. Målet er å gje elevane omgrep og erfaringar dei tek med seg vidare i undervisninga i ulike fag.Illustrasjonsbilde som viser de ulike innholdselementene i serien.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Teknologi

I dette temaet trenar elevane på å forstå, skape og bruke teknologi. Det blir vektlagt å stimulere elevane til å tenke kreativt og nyskapande.