Kva er Learnlab?

Learnlab er eit nettlesar-basert, plattformnøytralt digitalt økosystem for læring. Learnlab består av fem ulike digitale læringsverktøy og eit ressursbibliotek med læringsressursar basert  på LK20.

Learnlab logo

Applikasjonar for samarbeidslæring og studentengasjement

Vi meiner at elevane skal vere produsentar av kunnskap og kompetanse, ikkje berre konsumentar. Dei burde ha ei aktiv rolle i eigen læring. Vi meiner også at god læring skjer når fleire jobbar saman. Derfor har vi laga digitale læringsverktøy som lar elevane delta, produsere og utforske på ulike måtar, både åleine og saman med andre.

Les meir
Boy looking through glass

Basert på progressiv pedagogikk

For å møte notidige og framtidige utfordringar treng vi kreativitet, engasjement, kritisk tenking, refleksjon, samarbeid og eit globalt tankesett for borgarar i framtida. Learnlab er basert på progressiv pedagogisk tenking og forsking, og er laga spesielt for å møte behovet for kompetanse i framtida. Learnlab består av en unik samansetning av verktøy og innhald som er designa for å vere engasjerande, morosame og interaktive, samtidig som det gir lærarar innsikt i nye vurderingsformer.

Les meir
Girl looking through glass

Ivaretar elevane sitt personvern

Learnlab sine digitale applikasjonar legg opp til at det lagrast data om kva omgrep og kompetansemål elevane jobbar med. Ved å bruke vårt system blir dataa lagra og brukt på ein forsvarleg måte som ivaretar elevane sitt personvern, samtidig som ein kan jobbe saman og dele innhald med lærarar og medelevar på tvers av applikasjonane. Har du spørsmål om vårt arbeid med personvern?

Kontakt oss
Girl talking into a phone cap

Læringsressursar tilpassa LK20

Dei digitale læringsressursane i Learnlab består av interaktive læringsøkter, med varierte oppgåver som legg til rette for elevproduksjon. Det finst fagtekstar som læringsstøtte, digitale bøker med skisser og skriverammer som elevane kan jobbe vidare med, samt fagspesifikke tankekart som utgangspunkt for elevane si djupnelæring.

Les meir

Vil du ha eit uforpliktande tilbod?