Learnlab Support

Vi hjelper deg gjerne. Kva treng du hjelp med?

Devices logo

Har du spørsmål om våre verktøy?

Her finn du svar på dei vanlegaste spørsmåla om LearnLab:

Har du generelle spørsmål om bruk av Learnlab?

Her finn du svar på dei vanlegaste spørsmåla om Learnlab:

Det er kostnadsfritt å opprette brukar hos Learnlab og nytte Colab til å lage, redigere og gjennomføre læringsøkter med deltakarar.
Det ligg fleire gratis ressursar i biblioteket som du kan kopiere til dine labar, redigere og bruke saman med deltakarar. Din gratisbrukar og øktene du lagar i Colab vil aldri bli ein del av ei betalingsløysing.

Med LearnLab-lisens får du:

  • Tilgang til Learnlab sitt digitale økosystem (CoLab, StoryLab, IdeaLab og MyLab
  • Redigerbare læringsressursar for LK20
  • Webinar med brukaropplæring for lærarar
  • Feide-pålogging for lærarar og elevar
  • Visuell omgrepsbank med millionar av ressursar
  • Heilskapleg digitalt system for læring med ivaretaking av personvern

Vi har læringsressursar for grunnskule og vidaregåande skule. Les meir om våre digitale innhaldspakkar her

I biblioteket finn du ferdige læringsressursar i form av Colabar, Storylabar og Idealabar. Du finn også seriar, i form av labar, oppgåver og lærarrettleiingar knytt til eit overordna tema.
I biblioteket kan du sjå førehandsvisning av enkeltressursar og seriar ved å trykke på miniatyrvisninga. Du kan velje å lage ein eigen kopi, som du kan redigere og bruke som du vil, ved å trykke kopier til mine labar.
I biblioteket finn du alle dei ferdige læringsressursane du har tilgang til. Er du gratisbrukar har du kun tilgang til eksempel-ressursane. Er du lisensbrukar, har du tilgang til det din skule/organisasjon har kjøpt og det dine kollegaer har delt.
Du kan søke etter ressursar ved å bruke søkefeltet. Du kan søke på tittel eller tema. Du kan også søke på læreplanmål ved å bruke innstillingane under søkefeltet.
Første gang du går inn i biblioteket blir du bedt om å velje kva for bibliotek du vil sjå. Desse vala kan du endre på seinare ved å trykke på tannhjulet til høgre for søkefeltet.

Om du har fått ny Feide-ID og ikkje finn dine gamle labar kan du sende ein mail til support@learnlab.net. Skriv inn din gamle og nye Feide-ID, så flyttar vi innhaldet frå den gamle til den nye brukaren din.

Om du har ein brukar som er oppretta med e-postadresse, Facebook eller Google kan du endre e-post på brukaren sjølv. Når du er logga på brukaren din, trykkeer du på ikonet ved sidan av namnet ditt øvst i høgre hjørne. Vel profil. Under profilbilete kan du velje å endre e-postadresse. Dette fungerer ikkje om du loggar deg på med Feide.

Sjekk søppelpost dersom eposten frå Learnlab ikkje dukkar opp i din vanlege innboks.

Dersom du ikkje finn den der, ta kontakt med support@learnlab.net så hjelper vi deg.

Finn du ikkje svar på det du leitar etter?

Kontakt oss via e-post eller skriv til oss på vår Facebook-side.