Solum: sal, service og reiseliv vg1

Målet med dette kurset er å hjelpa elevane til å bli fagleg sterke yrkesutøvarar som føler seg trygge i vertskapsrolla, er noko som blir verdsett i moderne verksemder. Elevane får innsikt i etiske, sosiale, kulturelle, økonomiske og bærekraftsmessige forhold. Dessa kunnskap bidrar til å stimulera til konstruktivt samspill, øva på å tenkje kritisk og innovativt. Kompetanse i nye digitale løysingar og teknologiske verkemiddel er derfor viktige element. Vidare får elevane innføring i administrative og økonomiske oppgåver, parallelt med kunnskapar om produkt- og tenesteutvikling og om behov som kundar og samfunnet har.

Kommunikasjonen er eit nøkkelomgrep i faga. Kurset er dermed utstyrt med interaktive oppgåver som stimulerer til diskusjon. Emneseriane tar for seg viktige kompetansemål innanfor tre fagområda: Forretningsdrift, Marknadsføring og innovasjon, og Kultur og samhandling.

I tillegg til ei kort innføring i bruken av LearnLab-ressursane, finn du her eit forslag til årsplan for skuleåret.

Illustrasjonsbilde som viser omslaget til boken.

Sjå denne ressursen

Her får elevane ein introduksjon til korleis det er å jobba i servicebransjen. Serien handlar om generelle kunnskapar om servicenæringa og arbeidsforhold. Vi ser på behovet til kundar frå eit profesjonelt standpunkt, og elevane får vita korleis dei kan styra og utvikla kvalitet på tenester og varer.Illustrasjonsbilde som viser de ulike innholdselementene i serien.

Sjå denne serien i biblioteket

I denne serien lærer vi om ansvarsfordeling og rollene i ei verksemd, og dessutan korleis å sjå, forstå og beskriva vareflyt og kvalitet i verdikjeda. Vi går inn på kunnskap om korleis eit organisasjonskart blir utarbeidd og gjer reie for relevante lover og reglar. I spennet mellom lønnsemd og berekraftig utvikling, samt likestilling og demokrati vil det dukka opp nokon dilemma, og serien vil gi eleven innsikt i – og forslag på løsing av denne problematikken. Hensikta med denne kompetansen er å gjera den moderne verksemda meir demokratisk og ruste ho for møtet med konkurrentane.Illustrasjonsbilde som viser de ulike innholdselementene i serien.

Sjå denne serien i biblioteket

Gjennom denne serien får elevane innsikt i lønnsemd, prissetting, rabattar, budsjett, rekneskapsføring, og dessutan dei ulike kalkylemetodane: sjølvkostmetoden og bidragsmetoden. Denne kompetansen skal setja elevane i stand til å vurdera, kalkulera og tilpassa pris på eit produkt med tanke på kostnader og marknadssituasjon. Dei skal kunna forklara og føra ein enkelt rekneskap, utarbeida budsjett og vurdera lønnsemda.Illustrasjonsbilde som viser de ulike innholdselementene i serien.

Sjå denne serien i biblioteket

Denne serien handlar om arbeidsmiljø, risikovurdering, førebyggjande tiltak og beredskap. Temaet skal gjera elevane i stand til å gjennomføra og dokumentera arbeid i samsvar med gjeldande regelverk for Helse, miljø og trygging. Dei skal òg øva seg på å gjennomføra ei enkel risikovurdering og presentera tiltak som førebyggjer uynskte hendingar. Elevane lærer å gjera reie for funksjonen og formålet med beredskapsplanar slik at dei veit kva dei må gjera når ulykka først er ute.Illustrasjonsbilde som viser de ulike innholdselementene i serien.

Sjå denne serien i biblioteket

Et relevant kompetansemål tilknytta denne serien er å lære elevane å «utvikla ein forretningsidé og vurdera han i lys av berekraftig bruk». Her får elevane innføring i korleis dei lagar ein enkel forretningsplan ut frå fastsett mål og korleis dei vel verkemiddel – kvar berekraftig utvikling er eit viktig aspekt. Forretningsidéutvikling og berekraft, kreativitet og innovasjon, produktutvikling og vidareutvikling av tenester er nokon av temaa vi jobbar med i denne serien.Illustrasjonsbilde som viser de ulike innholdselementene i serien.

Sjå denne serien i biblioteket

Denne serien tar for seg kompetansemål som rettar seg mot at elevane skal kunna ta i bruk gjeldande regelverk for marknadsføring og sal og laga ein enkel marknadsplan der ein gjer reie for val av mål og verkemiddel. Då må elevane kunna evaluera konkurranseverkemiddel og korleis desse står i samsvar med profilen og lønnsemda i verksemda.Illustrasjonsbilde som viser de ulike innholdselementene i serien.

Sjå denne serien i biblioteket

I denne serien tar vi for oss korleis ein sel eit produkt og gjer reie for salsprosessen. Også på dette fagområdet skal eleven forhalda deg til berekraftig utvikling og demokratisk forbrukaråtferd. Dei må ha kunnskap om produktet før dei set i gang salet, kjenne til regelverk for marknadsføring og sal og vita korleis ein profesjonell salsmedarbeidar skal opptre. Vi går nærare inn på ulike sider ved fysisk sal, der eleven mellom anna blir kjent med 8-stegs- og EFU-modellen.Illustrasjonsbilde som viser de ulike innholdselementene i serien.

Sjå denne serien i biblioteket

I denne serien vil elevane øva seg på rolla som servicemedarbeidar. Vi ser døme på korleis det er å yta service, kommunisera og stifta relasjonar, bygga opp nettverk, kva ein gjer i ein nødsituasjon og meir. Elevane skal utvikla evne til å reflektera over etiske dilemma i servicenæringa og vurdera verkemiddel som kan fremma etiske og berekraftige val. Alle desse emna vil ein bli kjent med i denne kursdelen. Hensikta er at elevane får med seg verdifull kunnskap som er breitt etterspurd i arbeidslivet. Illustrasjonsbilde som viser de ulike innholdselementene i serien.

Sjå denne serien i biblioteket

Arrangementplanleggjing og -gjennomføring er eit spennande og selvbemyndigende verksemd. Fagkunnskap på dette område vil gi eleven rom for kreativitet og belyse vekten denna kompetansen har for gjennomføringa av ulike arrangement. I emneserien får elevane høve til å diskutera diverse emne: målgrupper, budsjett, innhald, samt andra nyansar, som: marknadsføring og bruk av eigen sosial kompetanse.Illustrasjonsbilde som viser de ulike innholdselementene i serien.

Sjå denne serien i biblioteket

Denne serien tar for seg kompetansemålet om å «gjera reie for og vurdera korleis partane i arbeidslivet samarbeider for å utvikla eit betre arbeidsliv». Ved å gå gjennom denne serien kan ein læra om å organiseringa av arbeidslivet, oppdatert seg om utdanningspolitikk, drive planleggjing, handtera konfliktar, å vera bevisst på lovar, regelverk og hovudavtalar. Det blir invitert til drøfting og diskusjonar om, mellom anna, korleis ulike leiar-stilar kan påverka produksjon, sal og arbeidsmiljø, og kva som skal til for at tilsette føler interessane sine varetatt slik at dei kan gjera ein god jobb.Illustrasjonsbilde som viser de ulike innholdselementene i serien.

Sjå denne serien i biblioteket