Naturfag

Her finn du oversikt over ressursane, sortert etter overordna tema:

Jorda og livet på jorda

I dette temaet får elevane ei grunnleggande forståing for korleis jorda er danna, og korleis livet på jorda har utvikla seg. På den måten får elevane eit grunnlag for å kunne ta berekraftige val.

Ressursane har som mål å utvikle elevane si forståing for at dyr er ulike og at dei kan klassifiserast. Då er det viktig å kjenne til omgrepa art, virveldyr, virvellause dyr, samt livssyklusar. Dette er igjen viktig for å kunne utvikle ei djupare forståing for kva biologisk mangfald inneber på seinare alderstrinn, og kva menneske må gjere for ta vare på mangfaldet.Illustrasjonsbilde som viser de ulike innholdselementene i serien.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Gjennom desse ressursane kan elevane lære om kva som er god dyrevelferd. Dei reflekterer over kva vi kan gjere for at dyra sine behov kan bli tatt vare på. Her vert informasjon om husdyr, kjæledyr og ville dyr inkludert og elevane skal finne ut kva for ulike behov desse har. Lova om dyrevelferd vert også presentert og her skal elevane reflektere over kvifor det er viktig med lover som beskyttar dyr.Illustrasjonsbilde som viser de ulike innholdselementene i serien.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Energi og materie

I dette temaet lærer elevane om teoriar, lover og modeller for energi, stoff og partiklar som kan forklare vår fysiske verd.

Undervisningsopplegg for 3.-4.trinn, der elevane i samarbeid utforskar naturressursar på jordkloden vår. Serien består av ulike labs som blant anna tek for seg tre som ressurs og korleis/kvifor me utnytter avføring til gjødsel. Labane kan brukast aleine eller samla – også saman med serien «VANNvittig viktig».Illustrasjonsbilde som viser de ulike innholdselementene i serien.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Undervisningsopplegg for 3.-4.trinn, der elevane i samarbeid utforskar vatn som ressurs på jordkloden vår. Serien består av tre labar som bygger på kvarandre, men dei kan også nyttast kvar for seg.Illustrasjonsbilde som viser de ulike innholdselementene i serien.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Kropp og helse

I dette temaet lærer elevane om korleis kroppen sine system verkar saman. Dei blir motivert til å ta vare på sin eiga helse.

Denne serien handlar om kroppens system og er meint å gi elevane et godt grunnlag for å kunne oppdage kroppens system. Hovudfokus er skjelettet og musklane. For å kunne oppnå djupare læring anbefalast det at gruppa går gjennom alle labane i serien.Illustrasjonsbilde som viser de ulike innholdselementene i serien.

Sjå denne ressursen i biblioteket

I denne serien vert elevane oppmoda til å samtale om likskapar og forskjellar mellom kjønna, ulike kjønnsidentitetar og menneskeleg reproduksjon. Det finst også oppgåver som kan brukast til fordjuping.Illustrasjonsbilde som viser de ulike innholdselementene i serien.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Naturvitskaplege praksisar og tenkemåtar

I dette temaet blir det lagt til rette for praktisk og utforskande arbeid gjennom forskjellige labs som på ulike måtar hjelper elevane å oppdage verda omkring seg sett i naturvitskaplege perspektiv.

I serien Er søppel berre boss? ønsker vi at elevane skal bli bevisst på vala sine og bli meir ansvarlege rundt sitt eige og familien sitt forbruk. For at elevane skal kunne forstå miljømessige utviklingstrekk i samfunnet treng dei kunnskap. Gjennom å vise kva overforbruk og storproduksjon gjer med miljøet, og la elevane sjølv aktivt kome med sine tankar, innspel og eksempel frå sin kvardag, meiner vi dei vil bli betre rusta til å kunne ta stilling til kva dei sjølv må gjere og korleis dei kan påverke andre med sin kunnskap. Serien kan fint brukast på eldre barn.Illustrasjonsbilde som viser de ulike innholdselementene i serien.

Sjå denne ressursen i biblioteket

Teknologi

I dette temaet trenar elevane på å forstå, skape og bruke teknologi. Det blir vektlagt å stimulere elevane til å tenke kreativt og nyskapande.