Den første laben i denne serien har som mål å gjere elevane merksame på korleis hjernen verkar når den tek imot informasjon. Laben legg vekt på korleis hjernen vår vert styrt av automatiserte prosessar og korleis det kan påverke vår oppfatning og forståing av verkelegheita. Dette er spesielt nyttig å kjenne til i høve med kritisk tenking og seier mykje om kvifor refleksjon og kjeldekritikk er nyttig for å redusere manipulasjon. Labane «Den grøne knappen» er trening i å nytte filosofi som verkty. Elevane møter gradvis auka moralske dilemma i ein tenkt situasjon. Ved å sjå kva andre elevar svarar får eleven mogelegheit til å speile eigne tankar og moral opp mot resten av gruppa på anonymt grunnlag.