Dei norske folkeeventyra er samla inn frå bondemiljø på 1700- og 1800- tallet. Mange oppstod i mellomalderen, og nokon har opphav i fjerne land, men har blitt endra og tilpassa lokale forhold. Å undervise med utgangspunkt i eventyr bidreg til å bevare kulturarven vår. Sjangeren eventyr er ein motiverande og morosam innfallsvinkel knytt til læreplanen i norsk, der vi skal utforske og formidle tekst. Eventyr gir elevane mogelegheiter for fantasi og skaparevne, samtidig som eventyra er fulle av allmenngyldige levereglar og menneskekunnskap og kan vere grunnlag for gode samtalar.