Norsk

Her finn du oversikt over ressursane, sortert etter overordna tema:

Bokstavinnlæring

Seriane om bokstavane passar perfekt til bokstavinnlæringa. Desse seriane kan ein ta i bruk allereie første skuledag. Dei er morosame og varierte, og tilpassa der barna er då dei startar på skulen. Seriane følger rekkefølga som er anbefalt av Lesesenteret. Det er ein naturleg progresjon der labane er bygd opp etter kor mange bokstavar dei har lært. Det er også fokus på stavingar og rim som ein del av bokstavinnlæringa.

Grunnleggande språkopplæring

Desse seriane er laga med tanke på vegen vidare i språkopplæringa etter at elevane er ferdig med den første bokstavinnlæringa. Temaa i dei forskjellige seriane og labane er valde ut på bakgrunn av Lesesenteret sine språkløyper.

Grunnleggande omgrep

Desse seriane bygger på Magne Nyborg sin modell for omgrepslæring. Temaa i dei forskjellige labane er valde ut på bakgrunn av lista frå modellen, med viktige omgrep elevane bør kjenne til for å kunne forklare seg betre, og finne likskapar og skilnadar. I følge Magne Nyborg vil desse omgrepa vere eit godt læringsverktøy for alle læringssituasjonar.

Utforske og formidle tekst

På første og andre trinn handlar utforske og formidle tekst om språkleg medvit. På dette alderstrinnet er det viktig å jobbe med meiningsfylte tekstar og aktivitetar som gir elevane mogelegheiter til å kunne leike, utforske og eksperimentere med språket på kreative måtar. Kvar lab representerer ein eller fleire kjente dikt og barnesongar. Gjennom dei skjønnlitterære tekstane blir elevane tatt med på ulike språkleikar (rim-setning-ord-stavingar-framlyd-lydering). Fleire av tekstane kan knyttast til dei tre tverrfaglege temaa.