Naturfag

Her finn du oversikt over ressursane, sortert etter overordna tema:

Jorda og livet på jorda

I dette temaet får elevane ei grunnleggande forståing for korleis jorda er danna, og korleis livet på jorda har utvikla seg. På den måten får elevane eit grunnlag for å kunne ta berekraftige val.

Energi og materie

I dette temaet lærer elevane om teoriar, lover og modeller for energi, stoff og partiklar som kan forklare vår fysiske verd.

Kropp og helse

I dette temaet lærer elevane om korleis kroppen sine system verkar saman. Dei blir motivert til å ta vare på si eiga helse.

Naturvitskaplege praksisar og tenkemåtar

I dette temaet blir det lagt til rette for praktisk og utforskande arbeid gjennom forskjellige labs som på ulike måtar hjelper elevane å oppdage verda omkring seg sett i naturvitskaplege perspektiv.

Teknologi

I dette temaet trenar elevane på å forstå, skape og bruke teknologi. Det blir vektlagt å stimulere elevane til å tenke kreativt og nyskapande.