KRLE

Her finn du oversikt over ressursane, sortert etter overordna tema:

Utforsking av religionar og livssyn

Under dette temaet kan elevane utforske ulike ritual og tradisjonar innafor forskjellige religionar og livssyn. Du finn også ein serie om forteljingar frå Bibelen og ein serie om reformasjonen og betydingsfulle personar for den kristne religionshistoria.

Utforsking av eksistensielle spørsmål og svar

Her møter elevane dei store filosofiske og etiske spørsmåla. Spørsmåla kan diskuterast i fellesskap, men kan også utforskast og drøftast på eiga hand. I serien Religion under lupa møter elevane aktuelle problemstillingar som handlar om korleis religionar i forandring skaper samfunnsdebattar. Noko av innhaldet her er også tenkt som informasjon for å berike debattar rundt religion. I serien Fundamentalisme og ekstremisme står alt frå særeigne sekter til fundamentalistisk tru i fokus. Historia har vist at det ofte blir farleg når fundamentalisme leier menneske til å gjere ekstremistiske handlingar. I denne serien bør lærar derfor vere ekstra merksam på at delar av innhaldet kan verke støtande på enkelte elevar.

Religion og menneskerettar

Under dette temaet utforskar elevane etiske problemstillingar som er knytt til menneskerettar, berekraft og fattigdom. Synet på kjønn står i fokus, men det blir også trekt linjer til andre utfordringar det globale samfunnet står ovanfor.