KRLE

Her finn du oversikt over ressursane, sortert etter overordna tema:

Innføring i KRLE-faget

Serien Tenk om verda var ein ballong! formidlar KRLE-faget sin relevans og sentrale verdiar gjennom elevane si undring, der deira tankar, erfaringar og nysgjerrigheit blir ein viktig del av undervisninga. I LK20 står det at KRLE er eit sentralt fag for å forstå seg sjølv, andre og verda rundt seg. Gjennom kunnskap om ulike religionar og livssyn skal elevane utvikle evne til å leve i og med mangfald i samfunns- og arbeidslivet. KRLE skal gi øving i etisk refleksjon og bidra til å utvikle elevane si dømmekraft i kvardagen og i møte med samfunnsutfordringar. Serien sitt mål er å utvikle denne evna gjennom motiverande og elevaktive steg, slik at elevane sjølv ønsker å lære meir om menneska og samfunnet dei er ein del av.

Kristne høgtider

Gjennom utforsking av konkrete dagar i kalenderen, vil denne serien vere ein variert inngang for å gi ein oversikt over heilagdagar og dei viktigaste religiøse høgtidene i kristendommen. Denne serien kan brukast på mange alderstrinn.