Introduksjon til entreprenørskap og læremateriellet i Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1

Entreprenørskap og bedriftsutvikling handlar om innsikt i etablering og vidareutvikling av verksemder. Faget skal gi elevane ei teoretisk og praktisk forståing av korleis menneske og verksemder kan påverke utviklinga av næringsliv og samfunn. Faget handlar vidare om korleis entreprenørskap kan skape nye, og utvikle eksisterande, arbeidsplassar og førebu elevane på vidare studiar og framtidig arbeidsliv.
Her finn du oversikt over ressursane, sortert etter fag:
Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1 handlar om etablering av verksemder. Faget gir elevane ei teoretisk og praktisk forståing av korleis menneske og verksemder kan påverke utviklinga av næringsliv og samfunn.
I EBU skal elevane reflektere over kva som kjenneteiknar ein god leiar i etableringsfasen, og korleis leiar og medarbeidarar samhandlar og set saman gode team. Denne serien ser nærmare på leiing som omgrep, og det vert lagt opp til å skape gode refleksjonar gjennom korleis ein kan få gode perspektiv på korleis team kan lukkast.
Elevane skal samanlikne og vurdere informasjon om marknader, kjøpsåtferd og segment for å ta avgjersler, gjennomføre situasjonsanalyse, vurdere utviklingsmoglegheiter og setje mål i ein oppstartsfase. Dei skal vidare utforske og bruke ulike konkurransemidlar i ein oppstartsfase. I denne serien finn du interaktive presentasjonar og elevaktivitetar.
Entreprenørskap og bedriftsutvikling 2 handlar om vidareutvikling av verksemder. Faget gir elevane ei teoretisk og praktisk forståing av korleis menneske og verksemder kan påverke utviklinga av næringsliv og samfunn, og gir innsikt i korleis entreprenørskap kan skape nye, og utvikle eksisterande, arbeidsplassar, og førebu elevane på vidare studiar og framtidig arbeidsliv.
Serien fokuserer på strategi og utvikling av verksemder og korleis innovasjons- og forretningsmodellar er viktige i denne samanhengen