Hensikt:
Utvikle involveringskompetanse slik at elevane kan ta informerte val.
Spørsmål:
«Kva delar av temaet trur du er mest interessante? La oss utforske det saman.»
Aktivitetar:
Ønska reaksjon:
«No har eg oversikt over temaet og veit kva eg vil jobbe vidare med!»
Hensikt:
Lære meir om spesifikke delar av temaet, førebuing til konkretiseringsfasen.
Spørsmål:
«Korleis skal vi lære meir om dette?»
Aktivitetar:
Ønska reaksjon:
«No veit eg nok til å lage noko konkret der eg kan vise kompetansen min!»
Hensikt:
Gje elevane moglegheit til å vise kompetanse ut frå eigne føresetnader.
Spørsmål:
«Kva kan du lage eller gjere for å vise kva du har lært?»
Aktivitetar:
Ønska reaksjon:
«No er eg stolt over det eg har arbeidd med og er klar til å vise det fram!»
Hensikt:
Lære av prosessen gjennom refleksjon.
Spørsmål:
«Kva har du gjort, kva tenkte du undervegs, og kva har du lært av prosessen?»
Aktivitetar:
Ønska reaksjon:
«Eg har lært mykje og veit kva eg kan gjere betre neste gong.»
Periodeplanlegging i Mylab er designa for å vere fleksibel, basert på behov. Ein periode kan vare frå nokre få dagar til fleire månader. Fleksibiliteten kjem av moglegheita til å samarbeide på tvers av fag ved å invitere andre lærarar til å delta i perioden, samt to hovudnivå i planlegginga:
Tips til planlegging:
Tilpassa didaktisk relasjonsmodell:
For konkret planlegging kan ein bruke ein didaktisk relasjonsmodell som tek omsyn til verdimessige og prinsippbaserte faktorar, samt konkrete element i planleggingsfasen.
Rike oppgåver:
Rike oppgåver viser til læringsaktivitetar som lar elevar utforske komplekse konsept og bruke kunnskapar og ferdigheiter på tvers av ulike disiplinar. Desse oppgåvene er designa for å vere opne og fleirtydige, noko som oppmuntrar til kritisk tenking og problemløysing.
I Learnlab trur vi på verdien av rike oppgåver som ein inkluderande metode, slik at alle elevar lett kan kome i gang og forstå oppgåvene. Vi tilbyr ulike verktøy som legg til rette for kreativ læring, anten individuelt eller i samarbeid med andre. Desse verktøya er også tilpassa for å møte spesifikke behov, som språklege tilpassingar og liknande.
Til ettertanke:
Korleis kan KI bidra?
Learny kan automatisk generere undervisningsplanar og reflekterande spørsmål basert på perioden du har planlagt i Mylab. Gjennom perioden kan du gje formativ vurdering basert på elevane sine innleveringar på oppgåvenivå. Learny analyserer innhaldet og foreslår tilbakemeldingar. Det er viktig at du som lærar nøye gjennomgår elevane sitt arbeid og tilpassar tilbakemeldingane, sidan du kjenner elevane best, inkludert innsatsen og samarbeidet deira. Learny kan også nyttast summativt på periodenivå.
Det er lurt å starte læringsprosessen med å vekke nysgjerrigheit og motivasjon hos eleven. Denne innleiande fasen er avgjerande for å utnytte elevane si ibuande nysgjerrigheit og bygge på deira eksisterande kunnskapsbase. Det primære målet her er å skape ei kjensle av relevans og lyst til å lære, som blir drivkrafta for det vidare arbeidet.
Colab er perfekt for å vekke nysgjerrigheit og aktivere forkunnskapar ved å legge til rette for deltakarinnspel gjennom opne oppgåver, ordskyer, avstemming og match-oppgåver.
Idealab kan brukast til å lage eit felles tankekart der vi samlar innspel om det aktuelle temaet, konseptet eller omgrepet. På slutten av perioden kan ein oppdatere tankekartet med ein annan fargekode for å synleggjere kva nytt ein har lært.
Storylab kan til dømes brukast til skrivestafett. Be elevane skrive det dei hugsar om temaet i 1–2 minutt, før dei byter læringseining og held fram på teksten til læringspartneren sin.
Medialab: Be elevane lage ein kort video eller lydfil der dei fortel alt dei hugsar om temaet. Dei kan gjerne vere ein nyheitsreporter eller journalist som intervjuar kvarandre.
Til ettertanke:
Korleis kan KI bidra?
Learny kan oppsummere elevinnspel i Colab, tydeleggjere spennet i elevane sin tankegang, og utvikle reflekterande spørsmål basert på læringsmåla og sentrale omgrep læraren har lagt til på førehand.
Fasen handlar om å å gi elevane eit overblikk på kva tema handlar om slik at dei kan ta informerte val på kva dei ønsker å fordjupe seg i. Dette er ein fase som ofte blir litt gløymd. Vi ønsker gjerne ulike former for elevmedverknad i skulen, og då krevst det at vi utviklar elevane sin involveringskompetanse og vidareutvikle identiteten, interessene og motivasjonen til eleven. Dette blir oppnådd ved å gi moglegheiter for å navigere gjennom og samhandle med emnet på ein måte som resonnerer med deira individuelle læringsstilar og preferansar.
Colab kan brukast som ein ressursbank ved å legge til lenker, videoar og innhald elevane kan utforske rett i appen. Elevar kan komme med innspel til gode kjelder i opne oppgåver. Dette er ein fin moglegheit for å øve på kjeldekritikk.
Idealab kan bli brukt som ressursbank med lenker, videoar, opplasta dokument og lydfiler. Elevar kan også samskrive i tankekartet og dele interessant informasjon dei finn og kategorisere det saman.
Storylab kan brukast som ressursbank med ulike lenker, videoar, lydfiler og innhald. Lærar kan kopiere innhald frå biblioteket som elevane utforskar, eller lage innhaldet sjølv. Elevar kan bruke engasjerande lesar for å få tekst opplese eller omsett til ei mengd språk.
I Medialab kan læraren lage podkast eller videoar, eller dele desse frå biblioteket som elevane kan utforske.
Til ettertanke:
Korleis kan KI bidra?
Learny kan samanfatte tankekart eller multimodale bøker som lærar ønsker at elevar skal utforske i Idealab eller Storylab. For enkelte kan dette vere ein måte å tilpasse vanskegrada på, då oppsummering kan lesast opp og omsetjast til ulike språk.
Colab kan brukast av elevane for å teste kva dei hugsar via quiz eller match-oppgåver. Dei kan også invitere inn eksterne ekspertar og ha ein reflekterande samtale eller intervju med personen både synkront eller asynkront via dei interaktive stega.
Idealab kan brukast til djupdykk ved at elevane åleine eller i grupper bygger ut eit tankekart ut frå kva dei lærer undervegs. Her kan dei gradvis bygge opp, kategorisere og visualisere stadig djupare kunnskap.
Storylab kan brukast for å lese multimodale tekstar frå biblioteket eller som er skapt av lærar. Elevane kan også skrive notat eller lage lyd- eller videologgar over det dei lærer.
I Medialab kan elevar studere videoar eller podkast frå biblioteket eller skapt av lærer. Dei kan også lage lyd- eller videologgar av det dei lærer undervegs.
Til ettertanke:
Korleis kan KI bidra?
Learny kan i Idealab og Storylab lage stimulerande spørsmål basert på planlegginga til læraren som hjelper dei å dykke djupare ned i tematikken.
No er det tid for elevane å skape kreative og engasjerande produkt eller utføre handlingar der elevane får vist kompetansen sin ut frå eigne føresetnader. Via konkretiseringa får dei vist i praksis dei kunnskapane (som omgrepsforståing), ferdigheitene og danningsaspekta som elevane har opparbeidd seg i perioden. Dei må på ein eller annan måte demonstrere den auka innsikten gjennom ord, produkt og handlingar. Denne fasen er avgjerande for å mogleggjere at elevane bruker teoretisk kunnskap på praktiske, handfaste former.
I Colab kan elevane lage interaktive presentasjonar som gjer det meir engasjerande og lærerrikt å vere tilskodar til presentasjonen.
Idealab kan brukast for idemyldring eller som ein kunnskapsbank meint for framvising. Elevane kan få hjelp undervegs via formativ vurdering frå KI-læringsassistenten Learny.
Storylab kan brukast som plattform for å vise kompetanse ved at elevane lagar eit multimodalt produkt med tekst, bilde, video, lydfiler, teikningar osb. Elevane kan få hjelp av KI-assistenten Learny til å raffinere produktet via formativ vurdering. Det er fint for å digitalisere analoge læringsprosessar som uteskule-prosjekt. Produkta kan presenterast digitalt eller skrivast ut og hengast på veggen.
I Medialab kan elevane lage spennande podkastar eller videoar. Dette kan vere alt frå fantasifulle forteljingar, forklaringsvideoar, nyheitsreportasjer til digitalisering av ferdigheitstrening.
Til ettertanke:
Korleis kan KI bidra?
I Storylab og Idealab kan Learny gi formativ framovermelding på elevarbeidet, som frigir tid til deg som lærar i klasserommet til å drive relasjonsbygging.
Reflekterande dialog er samtaler som forsterkar og internaliserer dei tileigna kompetansane. Her hjelper vi elevane reflektere over produktet dei laga i konkretiseringsfasen. Elevane raffinerer produktet før ferdigstilling basert på refeksjonane i konkretiseringsfasen. Dette er eit passande tidspunkt for elevane å vise fram kva dei har laga og forklare tankegangen i prosessen. Dette lar elevane lære av kvarandre, berre pass på at klassen ikkje blir passive mottakarar i denne fasen. Det er også viktig å reflektere over sjølve læringsprosessen saman med elevane. Kva gjekk bra, kva lærte dei mest av og kva kan vi gjere annleis neste gong? Den gir ei plattform for elevar å artikulere læringsreisa si, tilby innsikt og delta i konstruktiv diskurs, og dermed styrke forståinga deira og verdsetjing av ikkje berre emna, men også prosessen. Desse refleksjonane er essensielle, fordi det set lys på læringa og vi tek med oss lærdommen inn i neste syklus av modellen.
Colab er genialt for å samanfatte og reflektere over elevprodukta og læringsprosessen. Elevane kan laste opp ressursar rett i Colab og ein kan vise desse på storskjerm og samanlikne og bli inspirerte av kvarandre. Her kan eleven også svare på reflekterande spørsmål med tankekart eller opne oppgåver. Av og til er det gøy å ha ei kople-oppgåve eller ein quiz for å sjå kva ein hugsar frå perioden og kvarandre sine elevarbeid. Ein kan generere ein rapport for heile klassen, eller for enkeltelevar, då kan du (i Mylab) og elevane sjå korleis innspela deira bidrog til den kollektive læringa til klassen.
Idealab kan brukast som presentasjonsverktøy, eller det kan danne utgangspunkt for fagsamtalar.
Storylab kan brukes som presentasonsverktøy eller danne utgangspunkt for fagsamtalar. Eleven kan også utvikle ein multimodal refleksjonslogg.
I Medialab kan elevane lage ein video eller lydfil der dei reflekterer over arbeidet sitt og læringsprosessen.
I Mylab kan lærar drive med underveis- og sluttvurdering. Når elevarbeid er ferdig og refleksjonar om læringsprosessen gjennomført kan ein markere oppgåvene som ferdig og arkivere perioden om ønskeleg. Elevarbeid som skal brukast vidare i porteføljen til eleven kan takast vare på, men det bør vere rutinar for jamleg sletting av andre elevarbeid då dette er eit GDPR krav i enkelte kommunar.
Til ettertanke:
Korleis kan KI bidra?
Learny kan samanfatte elevinnspel, og vise breidd i elevars tankegang, lage reflekterande spørsmål og komme med forslag til vidare inititaiv basert på refleksjonane til elevane og innspel på læringsprosessen. I Mylab kan Learny hjelpe lærar med vurdering ved å generere utkast til tilbakemelding basert på arbeida eleven har levert i løpet av perioden. Lærar vel når og kor mange gonger hen ønsker å gi tilbakemleding i løpet av ein periode, det må ikkje berre vere på slutten.
Progressiv pedagogikk hos LearnLab handlar om student-sentrert læring der ein lærer av å agere og produsere, der ein får høve til å vere kreativ og engasjert, i tillegg til at individuelle behov blir tilpassa og at ein reflekterer over læringsprosessen. Denne tilnærminga er inspirert av teoriane til anerkjende pedagogar og psykologar som John Dewey, Lev Vygotsky, Maria Montessori, Ludwig Wittgenstein, Howard Gardner og Michael Fullan. Desse teoriane promoterer eit utdanningssystem som verdset praktisk læring, kritisk tenking og refleksjon – prinsipp som er forankra i det pedagogiske innhaldet og den teknologiske utviklinga av Learnlab plattforma. Learnlab ønsker å fremje eit miljø der læring ikkje berre er informativ, men også transformatorisk, fremjar personleg vekst og samfunnsbidrag.
John Dewey, ein filosof og utdanningsreformator, argumenterte for ei erfaringssentrert utdanning, og understreka at læring skjer gjennom erfaring og gjennom refleksjon over desse erfaringane. Dewey meinte utdanninga skulle førebu studentane til å engasjere seg fullt ut med samfunnet og miljøet sitt, oppmuntrande til ein kontinuerleg syklus av handling og refleksjon som forbetrar både personleg og intellektuell vekst. Learnlab har digitale verktøy som legg godt til rette for refleksjon, og elevproduksjon. Colab er svært gunstig for den reflekterande biten, og Storylab, Idealab og Medialab er gode elevproduksjonsverktøy. I tillegg finn du KI assistenten Learny her, som er utvikla for å hjelpe elevane reflektere over kva dei har fått til og kva dei kan gjere vidare. Når det gjeld “learning by doing” tilrår vi å kombinere plattforma vår med analoge elevaktivitetar for å dra nytte av styrkane til erfaringsbasert læring kombinert med kreative elevproduksjonar og gode refleksjonar.
Bruksmåtar i den verkelege verda: Deweys ide om at utdanninga bør vere tett knytt til verkelege opplevingar er ein grunnpilar i Learnlab si tilnærming der det er ønskeleg at lærarar legg opp til rike oppgåver der elevane engasjerer seg i nærmiljøet sitt, og får vist produkta sine for eit rikfoldig publikum, ikkje alltid berre klassen.
Lev Vygotsky, ein sentral figur innan psykologi og utdanning, introduserte og la grunnlaget for fleire nøkkelomgrep som har hatt stor innverknad på moderne pedagogiske praksisar. Sentralt i teorien hans er ideen om mediert læring, som postulerer at læring skjer gjennom samspel med det sosiale miljøet rundt seg, særleg gjennom verktøy og språk. Denne interaksjonen finn ofte stad innanfor “Den Proksimale Utviklingssona” (ZPD), som er forskjellen mellom kva ein lærande kan gjere utan hjelp og kva dei kan oppnå med rettleiing. Learnlab legg til rette for mediert sosial læring der elevane får støtte (scaffolding) via teknologi der språk, samarbeidslæring og KI-støtte er sentralt.
Maria Montessori revolusjonerte barneopplæringa ved å introdusere ei barnesentrert tilnærming som vektlegg praktisk, sjølvstyrt læring innanfor eit nøye førebudd miljø. Filosofien hennar bygger på ideen om at barn lærer best når dei får fridom til å utforske materiale og konsept i sitt eige tempo, rettleidd av indre motivasjon framfor eksterne påskjønningar eller press. Learnlabs ulike verktøy som Idealab, Storylab og Medialab legg opp til ei slik utforsking i samhandling med analoge og andre digitale kjelder. Montessoris vekt på “peace” i vid forstand er noko vi støttar opp under i Learnlab ved å lage tankevekkande innhald som kan bidra til samfunnsengasjerte borgarar som søker ytre og indre fred. Når det gjeld sensorisk basert og aktiv læring tilrår vi å bruke plattforma vår i kombinasjon med erfaringsbasert læring ute i verda. Læringsassistenten vår Learny hjelper elevane ha ein meir sjølvstyrt læringsprosess då kan dei få hjelp i prosessen når dei treng det, og lærar blir meir fri til å støtte der det trengst mest.
Ludwig Wittgenstein, ein avgjerande figur innan moderne filosofi, påverka i stor grad forståinga av språk og dets rolle i læring. Han argumenterte for at betydninga av ord er avhengig av konteksten, og at språk får betydninga si frå bruken i ulike “livsformer.” Vi forstår først eit omgrep når det blir brukt i praksis. Derfor har vi fokus på å få elevane til å konkretisere læringa via produkt og handlingar og at desse blir utgangspunkt for å demonstrere kompetanse. Dette perspektivet inviterer til fokus på praktisk språkbruk innanfor spesifikke aktivitetar og samfunn, og understrekar viktigheita av kontekst i kommunikasjon og forståing. Learnlabs KI-assistent Learny er designa for å engasjere studentane i språkbruk som er forankra i det valde kompetansemålet til læraren og sentrale omgrep for tema.
Howard Gardners teori om multiple intelligensar har hatt stor innverknad på pedagogisk filosofi ved å antyde at intelligens ikkje er ei enkelt generell evne, men heller distinkte dimensjonar. Ifølge Gardner bør utdanninga tilpassast individuelle styrkar og læringsstilar for å maksimere potensialet til studentane.
Spesielt språkleg, logisk-matematisk, inter- og intrapersonleg og kritisk evaluering er noko Learnlabplattformen er godt eigna å utvikle hos eleven. Når det gjeld dei andre intelligenstypane handlar det om kva aktivitetar lærer legg opp til i planlegging. Analoge aktivitetar kan fint integrerast med digitale aktivitetar på Learnlab plattforma.
Michael Fullan, ein anerkjend utdanningsforskar mest kjent for sine tankar om djupnelæring og er ein stor inspirasjon for LK-20. Fullan identifiserer seks avgjerande kompetansar – ofte referert til som dei seks C-ane – som er avgjerande for studentar i det 21. hundreåret:
Dennis Shirley og Andy Hargreaves påpeikar behovet for ein betre balanse mellom prestasjon og trivsel i skulen. Dei har identifisert fem vegar som fremjar elevengasjement, og fem som hindrar. Hindringane inkluderer misnøye, fråkopling frå skule og læreplan, dissosiasjon frå samfunnsnormer, umyndiggjering og distraksjon. For å fremje elevengasjement må ein fokusere på meistring, myndiggjering, indre verdi i skulearbeidet, forstå viktigheita av det ein lærer, og knytte læringa til den kulturen ein er ein del av.
Digitale verktøy kan auke engasjementet om dei blir brukte med klare mål og meining, medan standardiserte prøver blir sett på som erkefienden til elevengasjement. Hos Learnlab jobbar vi for periodebasert undervisning som fremjar relevans, meistring og elevmedverknad, basert på ein mappetankegang. Tidlegare har dette vore krevjande for lærarar, men med KI blir denne jobben no lettare. Vi tilbyr læringsressursar som lærarar kan kopiere og tilpasse til lokale forhold. I tillegg har vi eit sterkt fokus på samisk innhald, som støttar eit språk og ein kultur under sterkt press.