Utviklingsmessige språkforstyrringar

Intro

Her finn du universelt utforma ressursar, slik at elevar med utviklingsmessige språkforstyrringar kan delta på lik linje med andre elevar i den ordinære undervisninga.

Ifølge Monica Melby-Lervåg, professor ved Institutt for spesialpedagogikk, Universitetet i Oslo, har rundt to elevar i kvart klasserom store språkforstyrringar, og desse blir ofte ikkje oppdaga. Mange elevar utviklar psykososiale vanskar som ein konsekvens av språkforstyrringar. Ofte blir tiltaka og tilrettelegginga retta mot åtferdsvanskane, i staden for det som verkeleg er utfordringa. Det vil seie at vi behandlar dei symptoma vi kan observere, i staden for å tilpasse opplæringa på måtar som gjer at desse elevane opplever meistring i skulekvardagen.

Nokre elevar med utviklingsmessige språkforstyrringar har problem med innhaldet i språket, som ordforståing og ordframkalling. Andre har problem med forma til språket, som grammatikk og språklydar. Fleire har problem med språket i bruk, som samtaleferdigheiter. Ein elev må ha vanskar med minst to av ferdigheitene for at det skal kallast språkvanskar. Denne elevgruppa har også ofte utfordringar med minne og verbal læring, og språkforstyrringar førekjem ofte saman med ADHD og dysleksi.

Læremiddelet består av multimodale tekstar og oppgåver, der vi hjelper læraren til å kunne tilpasse eit ordinært læremiddel for heilklasse til elevar med utviklingsmessige språkforstyrringar på måtar som gjer at dei kan bidra inn i heilklasse. Teknologien gjer det mogleg for lærar å nytte kunstig intelligens på måtar som gjer at elevar med utviklingsmessige språkforstyrringar i sanntid får:

Det blir særleg lagt vekt på å utvikle evna til å kunne gi uttrykk for eigne kjensler, tankar og erfaringar, både skriftleg og munnleg. Dette er noko alle ungdommar treng å øve på! Innhaldet tek utgangspunkt i kompetansemål frå norsk vg1 SF og vg2 YF, og koplar språkopplæringa til det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring.

Ressursar om kjensler

Gjennom arbeid med grunnkjensler får elevane utvikle eit ordtilfang og omgrepsapparat som gjer det lettare å uttrykke eigne erfaringar, både skriftleg og munnleg. Ressursane legg til rette for refleksjon, kreativitet og meistring, og bygger bru mellom dei personlege erfaringane til elevane, andre sine perspektiv og kompetansemålet med norskfaget. Ressursane er universelt utforma, slik at elevar med utviklingsmessige språkforstyrringar også kan delta på lik linje med andre elevar.