I tillegg til ei kort innføring i bruken av LearnLab-ressursane, finn du her eit forslag til årsplan for skuleåret.

Vg1 sal, service og reiseliv handlar om drift og service i verksemder. Programfaga skal hjelpe elevane å forstå betydninga av service- og vertskapsrolla, og gi ei innføring i administrative og økonomiske oppgåver. Vidare handlar programfaga om å utvikle produkt og tenester som dekkjer behova kundane og samfunnet har. Progamfaga skal ruste elevane til eit arbeidsliv som krev at servicemedarbeidaren tar etiske og berekraftige val og som sikrar tryggleik innanfor verksemda.
Her finn du oversikt over ressursane, sortert etter fag:
I programfaget forretningsdrift blir det fokusert på drift, utvikling og lønnsemd av verksemder. Faget gir elevane innsikt i relevant lovverk, korleis økonomi er viktig for drift og utvikling, og kvifor HMS er grunnleggjande viktig for forretningsdrifta.
I programfaget marknadsføring og innovasjon blir det fokusert på å analysera forbrukaråtferd, og korleis ein kan bruka konkurransemidlane til målretta marknadsføring og innovasjon. Marknadsføring sest i samanheng med behovet for ei berekraftig utvikling.
«Analysere forbrukaråtferd» fører tankane til kvalitative og kvantitative metodar for å finne eigna målgrupper som bedrifta kan selje produkt og tenester til. Kompetansemålet kan leggje opp til at elevane skal gjere meir eller mindre grundige undersøkingar baserte på demografiske og psykografiske segmenteringskriterium for deretter å definere ei målgruppe og setje eit marknadsmål. Dette vil gjere det mogleg å spisse marknadsstrategien for å oppnå marknadsmålet. MEN HUGS: Du har her å gjere med elevar på 16–17 år, så lat oss starte med å få dette ned på eit plan som elevane kjenner seg att i.
Denne serien omhandlar følgjande kompetansemål: vurdere sentrale konkurranseverkemiddel i samband med profilen og lønsemda til verksemder. Kompetansemålet opnar for å gi elevane ei brei innføring i korleis etablerte bedrifter nyttar marknadsmiksen for å skape lønsemd. Oppgåva oppmodar også til å bruke det lokale næringslivet i læringa gjennom observasjon.
I programfaget kultur og samhandling blir det fokusert på vertskapsrolla, etiske dilemma i servicebransjen, nettverksbygging og rolla til servicemedarbeidaren i krevjande situasjonar.