Kognitive vanskar – norsk – VGO

Her finn du ressursar med eit aldersadekvat design for elevar med kognitive vanskar. Læremiddelet består av to modular.

Modul 1 rettar seg mot elevar med omfattande kognitive vanskar, og som får undervisning i femmargrupper/ smågrupper, der dei vanlegaste utviklingshemmingane er Downs syndrom og autisme.

Modul 2 rettar seg mot elevar med lettare psykiske utviklingshemmingar, der undervisninga går føre seg i tiargrupper/ storgrupper.

Modul 1

Modul 1 inneheld ressursar for elevar med omfattande kognitive vanskar. Dette gjeld elevar som har IOP i alle fag og er organisert i femmargrupper eller andre smågrupper. Ferdigheitsnivået deira svarer ofte til 1.–3. trinn i grunnskulen. I denne modulen blir norskopplæring kopla til arbeidslivstrening. Målet er å styrke funksjonsnivået til elevane ved å legge vekt på sosial trening, sjølvstende og gode arbeidsvanar. Mange elevar i målgruppa treng også å øve på grunnleggande lesing, men på ein måte som passar alderen deira. Læremiddelet brukar ord, omgrep og eksempel som er relevante for alderen.

 

Modul 2

Modul 2 inneheld ressursar for elevar med lettare psykisk utviklingshemming. Elevane har IOP, og målet er å oppnå grunnkompetanse. Dei arbeider med lesetekstar som har visuell støtte, faktaboksar og omgrepsforklaringar. Alle lesebøkene har lydstøtte på fleire språk. Lesetekstane blir supplerte med digitale arbeidsbøker, der elevane kan øve på lese- og skrivestrategiar på ferdigheitsnivået sitt, men på ein måte som passar alderen. Ressursane i modul 2 tek opp tema som er relevante for ungdom.